Læreplan i matematikk 2T og 2P (MAT5-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kompetansemål etter 2P
Tal og algebra i praksis
- rekne med potensar og tal på standardform med positive og negative eksponentar, og bruke dette i praktiske samanhengar
- rekne med prosent og vekstfaktor, gjere suksessive renteberekningar og rekne praktiske oppgåver med eksponentiell vekst
Statistikk
- planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar
- berekne og drøfte sentralmål og spreiingsmål
- berekne og gjere greie for kumulativ og relativ frekvens, representere data i tabellar og diagram og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje
- gruppere data og berekne sentralmål for eit gruppert datamateriale
- bruke rekneark i statistiske berekningar og presentasjonar
Modellering
- gjere målingar i praktiske forsøk og formulere matematiske modellar på grunnlag av observerte data
- analysere praktiske problemstillingar knytte til daglegliv, økonomi, statistikk og geometri, finne mønster og struktur i ulike situasjonar og beskrive samanhengar mellom storleikar ved hjelp av matematiske modellar
- utforske matematiske modellar, samanlikne ulike modellar som beskriv same praktiske situasjon, og vurdere kva for informasjon modellane kan gje, og kva for gyldigheitsområde og avgrensingar dei har
- bruke digitale verktøy i utforsking, modellbygging og presentasjon
Funksjonar i praksis
- bruke digitale verktøy til å undersøkje kombinasjonar av polynomfunksjonar, rotfunksjonar, potensfunksjonar og eksponentialfunksjonar som beskriv praktiske situasjonar, ved å bestemme nullpunkt, ekstremalpunkt og skjeringspunkt og finne gjennomsnittleg vekstfart og tilnærmingsverdiar for momentan vekstfart
- bruke funksjonar til å modellere, drøfte og analysere praktiske samanhengar
7 av 8