Læreplan i matematikk fellesfag 2T-Y og 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (MAT6-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kompetansemål etter 2T-Y
Tal og algebra
- omforme uttrykk og løyse likningar, ulikskapar og likningssystem av første og andre grad og enkle likningar med eksponential- og logaritmefunksjonar, både ved rekning og med digitale verktøy
Geometri
- gjere greie for det geometriske biletet av vektorar som piler i planet og berekne sum, differanse og skalarprodukt av vektorar og produktet av tal og vektor
- rekne med vektorar i planet skrivne på koordinatform, berekne lengder, avstandar og vinklar med vektorrekning og avgjere når to vektorar er parallelle eller ortogonale
- teikne og beskrive kurver på parameterform og berekne skjeringspunkt mellom slike kurver
Kombinatorikk og sannsyn
- gjere greie for og bruke omgrepa vilkårslaust (bm.: uavhengig) og vilkårsbunde (bm.: betinget) sannsyn, bruke Bayes’ setning på to hendingar og vurdere og tolke resultata
- rekne med binomisk og hypergeometrisk sannsyn og kjenne att og modellere slike fordelingar i ulike situasjonar
- berekne sannsyn ved ordna utval med og utan tilbakelegging, og ved uordna utval utan tilbakelegging
Funksjonar
- gjere greie for definisjonen av den deriverte, bruke definisjonen til å utleie ein derivasjonsregel for polynomfunksjonar og bruke denne regelen til å drøfte funksjonar
Kultur og modellering
- analysere teoretiske og praktiske problemstillingar, finne mønster og struktur i ulike situasjonar og beskrive samanhengar ved hjelp av matematiske modellar
- utforske matematiske modellar, samanlikne ulike modellar og vurdere kva for informasjon modellane kan gje, og kva for gyldigheitsområde og avgrensingar dei har
- bruke digitale verktøy i utforsking, modellbygging og presentasjon
- finne, vurdere og presentere døme frå matematikkens fleirkulturelle historie og drøfte kva matematikken har å seie for naturvitskap, teknologi, samfunnsliv og kultur
6 av 8