Læreplan i mat og helse (MHE1-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Etter 4. årssteget
Mat og livsstil
- lage trygg mat
- setje saman og lage frukost, skulemåltid og mellommåltid i tråd med tilrådingar for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene
- velje ut mat og drikke som er med i eit sunt kosthald
- bruke mål og vekt i samband med oppskrifter og matlaging
- praktisere reglar for god hygiene
Mat og forbruk
- undersøkje ulike matvarer med tanke på smaksopplevingar
- forstå enkel merking av varer
- fortelje om ei utvald råvare og korleis ho inngår i matvaresystemet, frå produksjon til forbruk
Mat og kultur
- gjere sitt til trivsel i samband med måltida
- dekkje bord og beskrive korleis måltidsskikkar blir praktiserte i ulike kulturar
- planleggje og gjennomføre ein fest i lag med andre i samband med ei høgtid eller ei anna markering
- beskrive samisk mattradisjon og korleis mattradisjonar har samanheng med natur og levevis
6 av 9