Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (MIN1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Medie- og informasjonskunnskap 2
Medieutvikling
- gjere greie for hovudtrekk i internasjonal mediehistorie
- gjere greie for sentrale trekk ved internasjonal mediestruktur og internasjonal mediepolitikk
- diskutere media si rolle i utviklinga av demokrati i eit internasjonalt perspektiv
- presentere sør-nord-problematikken i det internasjonale mediebildet
- gjere greie for sentrale trekk ved mediestrukturen i utviklingsland
- diskutere konsekvensar medieutviklinga har for journalistrolla
Uttrykksformer
- analysere form og innhald i ulike avis-, radio-, film- og fjernsynssjangrar
- lage produksjonsplan for eigne medieproduksjonar med oversikt over tidsbruk og kostnader
- skape og presentere eigne medieprodukt i ulike kombinasjonar av tekst, lyd og bilde og grunngje val av medium og publiseringsform
- bruke forteljarteknikkar, munnlege uttrykksmåtar og dramaturgiske verkemiddel i eigne medieproduksjonar
- analysere og evaluere eigne og andre sine medieprodukt
- utvikle eit medieprodukt i samarbeid med ei bedrift eller ein organisasjon
- analysere media si rolle som kunst- og kulturformidlar
Medium, individ og samfunn
- analysere media som ressurs og maktfaktor i samfunns- og arbeidsliv og diskutere opne og skjulte funksjonar
- gjere greie for ulike medieideologiar
- vurdere korleis media kan forme haldningar, normer og verdiar
- utforske påverknadsstrategiar i ulike typar medieprodukt
- drøfte korleis media er med på å skape, forsterke og motverke informasjonskløfter
- diskutere kva for roller informasjonsbyrå og lobbyverksemd spelar i eit demokrati
- undersøkje korleis produksjon og distribusjon av informasjon kan bli styrt og kontrollert av ulike interesser
- gjere greie for sentrale lover og føresegner som gjeld opphavsrett, personvern og ytringsfridom
- reflektere over etiske problemstillingar og utfordringar i møtet mellom medium og ulike kulturar
- reflektere over media si rolle når det gjeld informasjons-, nyheits- og kulturformidling i det internasjonale mediebildet
8 av 9