Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Føremål
Naturvitskapen har vakse fram som følgje av at menneske er nysgjerrige og har behov for å finne svar på spørsmål om sin eigen eksistens, om liv og livsformer og vår plass i naturen og i universet, og er på den måten ein del av kulturen vår.
Lover og teoriar i naturvitskapen er modellar av ei samansett verkelegheit, og desse modellane blir endra eller vidareutvikla gjennom nye observasjonar, eksperiment og idear. Ein viktig del av allmennkunnskapen er å kjenne til at naturvitskapen er i utvikling, og at forsking og ny kunnskap i naturvitskap og teknologi har mykje å seie for samfunnsutviklinga og livsmiljøet.
Sjølv om naturvitskapen er delt opp i fagdisiplinar, som biologi, fysikk og kjemi og geofag, er målet at skulefaget naturfag både teoretisk og praktisk skal stå fram som eit heilskapleg fag.
Kunnskap om og forståing av naturen og opplevingar i naturen kan fremje viljen til å verne om naturressursane, ta vare på biologisk mangfald og medverke til berekraftig utvikling. I denne samanhengen har samar og andre urfolk kunnskap om naturen som det er viktig å vise respekt for. Samtidig skal naturfag medverke til at barn og unge utviklar kunnskapar og haldningar som gjev dei eit gjennomtenkt syn på samspelet mellom natur, individ, teknologi, samfunn og forsking. Dette er viktig for at den einskilde skal kunne forstå ulike typar naturvitskapleg og teknologisk informasjon. Det skal gje den einskilde eit grunnlag for å vere med i prosessar i samfunnet.
Å arbeide både praktisk og teoretisk med ulike problemstillingar i laboratorium og i naturen er nødvendig for å få erfaring med og utvikle kunnskap om metodar og tenkjemåtar i naturvitskapen. Det kan medverke til å utvikle kreativitet, kritisk evne, open haldning og aktiv deltaking i situasjonar der det inngår naturfagleg kunnskap og ekspertise. Varierte læringsmiljø, som feltarbeid i naturen, eksperiment i laboratoriet og ekskursjonar til museum, opplevingssenter og bedrifter, vil gjere opplæringa i naturfag rikare og gje rom for undring, nysgjerrigheit og fasinasjon. Kompetanse i å forstå ulike typar naturvitskaplege tekstar, metodar og teknologiske løysingar gjev eit godt grunnlag for yrkesfaglege utdanningar, vidare studiar og livslang læring i yrke og fritid.
1 av 13