Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 10. årssteget
Forskarspira
- formulere hypotesar som kan testast, planleggje og gjennomføre undersøkingar av dei og diskutere observasjonar og resultat i ein rapport
- hente inn og bearbeide naturfaglege data, gjere berekningar og framstille resultat grafisk
- skrive forklarande og argumenterande tekstar med referansar til relevante kjelder, vurdere kvaliteten på eigne og andre sine tekstar og revidere tekstane
- forklare kor viktig det er å sjå etter samanhengar mellom årsak og verknad, og forklare kvifor argumentering, usemje og publisering er viktig i naturvitskapen
- identifisere naturfaglege argument, fakta og påstandar i tekstar og grafikk frå aviser, brosjyrar og andre medium, og vurdere innhaldet kritisk
- følgje sikringstiltak som er omtala i HMS-rutinar og risikovurderingar
Mangfald i naturen
- forklare hovudtrekka i evolusjonsteorien og gjere greie for observasjonar som støttar teorien
- beskrive oppbygginga av dyre- og planteceller og forklare hovudtrekka i fotosyntese og celleanding
- gjere greie for celledeling og for genetisk variasjon og arv
- forklare hovudtrekk i teoriar om korleis jorda endrar seg og har endra seg gjennom tidene, og grunnlaget for desse teoriane
- undersøkje og registrere biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem i nærområdet, og forklare samanhengar mellom faktorane
- observere og gje døme på korleis menneskeleg aktivitet har påverka eit naturområde, undersøkje korleis ulike interessegrupper ser på påverknaden, og føreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar
- gje varierte døme på korleis samar utnyttar ressursar i naturen
Kropp og helse
- beskrive nervesystemet og hormonsystemet og forklare korleis dei styrer prosessar i kroppen
- beskrive kort fosterutviklinga og korleis ein fødsel går føre seg
- formulere og drøfte problemstillingar som gjeld seksualitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet, grensesetjing og respekt, seksuelt overførbare sjukdommar, prevensjon og abort
- forklare korleis eigen livsstil kan påverke helsa, medrekna slanking og eteforstyrringar, samanlikne informasjon frå ulike kjelder, og diskutere korleis helseskadar kan førebyggjast
- gje døme på samisk og annan folkemedisin og diskutere skilnaden på alternativ medisin og skulemedisin
Fenomen og stoff
- beskrive universet og ulike teoriar om korleis det har utvikla seg
- undersøkje eit emne frå utforskinga av verdsrommet, og samanlikne og presentere informasjon frå ulike kjelder
- vurdere eigenskapar til grunnstoff og sambindingar ved å bruke periodesystemet
- undersøkje eigenskapar til nokre stoff i kvardagen og gjere enkle berekningar med fortynning av løysningar
- undersøkje og klassifisere reine stoff og blandingar av stoff etter løysingsevna i vatn, brennbarheit og sure og basiske eigenskapar
- planleggje og gjennomføre forsøk med påvisingsreaksjonar, separasjon av stoff i ei blanding og analyse av ukjent stoff
- undersøkje hydrokarbon, alkoholar, karboksylsyrer og karbohydrat, beskrive stoffa og gje døme på framstillingsmåtar og bruksområde
- forklare korleis råolje og naturgass har vorte til
- bruke omgrepa straum, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultat frå forsøk med straumkrinsar
- forklare korleis vi kan produsere elektrisk energi frå fornybare og ikkje-fornybare energikjelder, og diskutere kva for miljøeffektar som følgjer med ulike måtar å produsere energi på
- gjere greie for omgrepa fart og akselerasjon, måle storleikane med enkle hjelpemiddel og gje døme på samanhengen mellom kraft og akselerasjon
- gjere forsøk og enkle berekningar med arbeid, energi og effekt
- gjere greie for korleis trafikksikringsutstyr hindrar og minskar skadar ved uhell og ulykker
- gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata
Teknologi og design
- utvikle produkt ut frå kravspesifikasjonar og vurdere funksjonaliteten, brukseigenskapane og livsløpet til produkta med tanke på berekraftig utvikling
- teste og beskrive eigenskapar ved materiale som blir nytta i ein produksjonsprosess, og vurdere materialbruken ut frå miljøomsyn
- beskrive eit elektronisk kommunikasjonssystem, forklare korleis informasjon blir overført frå sendar til mottakar, og gjere greie for positive og negative konsekvensar
9 av 13