Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 4. årssteget
Forskarspira
- bruke naturfaglege omgrep til å beskrive og presentere eigne observasjonar, føreslå og samtale om moglege forklaringar på det ein har observert
- bruke måleinstrument, systematisere data, vurdere om resultata er rimelege, og presentere dei med eller utan digitale hjelpemiddel
- skrive rapportar og beskrivingar, revidere innhaldet etter tilbakemelding, vurdere innhaldet i andre sine tekstar og lage enkle digitale, samansette tekstar
- hente inn og bearbeide informasjon om naturfaglege tema frå ulike kjelder og gje opp kjeldene
Mangfald i naturen
- samtale om og samanlikne livssyklusen til nokre plante- og dyreartar
- observere, registrere og beskrive endringane som skjer med eit tre eller ein annan fleirårig plante over tid
- beskrive leveviset til nokre utdøydde dyregrupper ved å samle og systematisere informasjon frå ulike kjelder
- fortelje om dyr i nærområdet, diskutere dyrevelferd og skilje mellom meiningar
- undersøkje biologisk nedbryting og beskrive eit krinsløp i naturen
- praktisere kjeldesortering og diskutere kvifor kjeldesortering er viktig
- gjere greie for kva som kan gjerast for å ta vare på naturen i nærområdet, og argumentere for omsorgsfull framferd i naturen
Kropp og helse
- beskrive i hovudtrekk korleis menneskekroppen er oppbygd
- beskrive form og funksjon til fordøyingssystemet
- beskrive skjelettet og musklane og gjere greie for korleis kroppen kan bevege seg
- forklare kvifor vi vaksinerer mot nokre sjukdommar, og bruke informasjon frå brosjyrar og digitale tekstar til å beskrive ein vanleg sjukdom og korleis han kan førebyggjast
- observere og beskrive korleis kroppen reagerer i ulike situasjonar, og samtale om ulike kjenslemessige reaksjonar og samanhengen mellom fysisk og psykisk helse
Fenomen og stoff
- lage ein digital samansett tekst om nokre av planetane i solsystemet vårt ved å finne informasjon og gje opp kjelder
- kjenne att og peike ut nokre stjernebilete, og gje att og samtale om mytar og segner om stjernehimmelen og nordlys i samisk og norsk tradisjon
- gjennomføre forsøk som viser at stoff og stoffblandingar kan endre karakter når dei blir utsette for ulike påverknader
- utforske fenomen knytte til luft og lyd, beskrive observasjonane og føreslå forklaringar
- registrere og beskrive eigne observasjonar av vêr, måle temperatur og nedbør og framstille resultata grafisk
Teknologi og design
- planleggje, byggje og teste enkle modellar av byggkonstruksjonar og dokumentere prosessen frå idé til ferdig produkt med tekst og illustrasjonar
- beskrive konstruksjonar og diskutere kvifor nokre konstruksjonar er meir stabile og toler større belastning enn andre
- kjenne att og beskrive berande strukturar i byggverk i nærmiljøet
7 av 13