Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 7. årssteget
Forskarspira
- formulere naturfaglege spørsmål om noko eleven lurer på, føreslå moglege forklaringar, lage ein plan og gjennomføre undersøkingar
- samtale om kvifor det i naturvitskapen er viktig å lage og teste hypotesar ved systematiske observasjonar og forsøk, og kvifor det er viktig å samanlikne resultat
- bruke digitale hjelpemiddel til å registrere, bearbeide og publisere data frå eksperimentelt arbeid og feltarbeid
- trekkje ut og bearbeide naturfagleg informasjon frå tekstar i ulike medium og lage ein presentasjon
- lese og forstå faremerking på kvardagsprodukt
Mangfald i naturen
- planleggje og gjennomføre undersøkingar i minst eitt naturområde, registrere observasjonar og systematisere resultata
- undersøkje og beskrive blomsterplantar og forklare funksjonane til dei ulike plantedelane med tekst og illustrasjonar
- undersøkje og diskutere nokre faktorar som kan påverke frøspiring og vekst hos plantar
- beskrive kjenneteikn på nokre plante-, sopp- og dyreartar og ordne dei systematisk
- fortelje om korleis ein bruker nokre plantar, sopp og dyr i ulike tradisjonar, mellom anna den samiske, og diskutere om bruken er berekraftig
Kropp og helse
- beskrive utviklinga av menneskekroppen frå befruktninga til ein er vaksen
- forklare det som skjer under puberteten, og samtale om ulik kjønnsidentitet og variasjon i seksuell orientering
- beskrive hovudtrekka i hjarte- og lungesystemet og funksjonen det har i kroppen
- forklare korleis kroppen sjølv vernar seg mot sjukdom, og korleis ein førebyggjer og behandlar infeksjonssjukdommar
- samle informasjon og talmateriale og diskutere helseskadar som kan oppstå ved bruk av ulike rusmiddel
Fenomen og stoff
- bruke animasjonar og andre modellar til å beskrive korleis planetane og månen bevegar seg, og forklare korleis det blir årstider og månefasar
- beskrive korleis nokre mineral og bergartar har vorte til, og undersøkje nokre typar som finst i nærområdet
- gjere greie for bruken av nokre energikjelder før og no, og hente inn informasjon og statistikk frå ulike kjelder for å beskrive og diskutere moglege konsekvensar av energibruken for miljøet lokalt og globalt
- forklare omgrepet klima, kjenne til nokre årsaker til klimaendringar og undersøkje og registrere konsekvensar av ekstremvêr
- undersøkje fenomen knytte til lyd, høyrsle og støy, diskutere observasjonane og forklare korleis lyd kan skade høyrsla
- gjere forsøk med magnetisme og elektrisitet og forklare og presentere resultata
- beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væsker, faste stoff og faseovergangar ved hjelp av partikkelmodellen
- forklare korleis stoff er oppbygde, og korleis stoff kan omformast, ved å bruke omgrepa atom og molekyl
- gjennomføre forsøk med ulike kjemiske reaksjonar og gjere greie for det som kjenneteiknar dei
Teknologi og design
- planleggje, byggje og teste mekaniske leiker og forklare prinsipp for mekaniske overføringar
- planleggje, lage og teste enkle produkt som nyttar elektrisk energi, og reklamere for ferdig framstilte produkt
- beskrive livsløpet til eit produkt og diskutere om produktet er i samsvar med berekraftig utvikling
8 av 13