Læreplan i naturfag (NAT1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter Vg1 – studieførebuande utdanningsprogram
Forskarspira
- planleggje og gjennomføre ulike typar undersøkingar med identifisering av variablar, hente inn og bearbeide data og skrive rapport med diskusjon av måleusikkerheit og vurdering av moglege feilkjelder
- skilje mellom resultat og påstandar og diskutere kvaliteten på metodar og framstilling av eigne og andre sine data og tolkingar
- drøfte dagsaktuelle naturfaglege problemstillingar basert på praktiske undersøkingar eller systematisert informasjon frå ulike kjelder
- bruke enkle datasimuleringar eller animasjonar for å illustrere og forklare naturfaglege fenomen og teste hypotesar
Berekraftig utvikling
- gjere greie for omgrepet berekraftig utvikling
- undersøkje og beskrive suksesjonsprosessar i eit økosystem
- gjere greie for faktorar som verkar inn på storleiken til ein populasjon
- kartleggje eigne forbruksval og argumentere fagleg og etisk for eigne forbruksval som kan medverke til eit berekraftig forbruksmønster
- undersøkje ein global interessekonflikt som gjeld miljøspørsmål, og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg
Ernæring og helse
- beskrive dei viktigaste energigjevande næringsstoffa og dei kjemiske kjenneteikna deira, og grunngje kvifor dei er viktige for kroppen
- gje døme på vitamin, mineral og sporstoff som kroppen treng, og korleis ein kan sikre variert kosthald
- gjennomføre enkle kjemiske påvisingar av næringsstoff i matvarer og gjere greie for observasjonane
- forklare hovudtrekka i fordøying, transport og omsetning av energigjevande næringsstoff i kroppen
- gjere greie for nokre av grunnelementa i kosmetiske produkt og lage eit slikt produkt med eigen varedeklarasjon
- drøfte spørsmål som gjeld slanking, eteforstyrringar og trening, og korleis livsstil påverkar helsa
Stråling og radioaktivitet
- forklare korleis nordlys oppstår, og gje døme på korleis Noreg har vore og er eit viktig land i forskinga på dette feltet
- forklare kva ozonlaget har å seie for innstrålinga frå sola
- forklare kva drivhuseffekt er, og gjere greie for korleis menneskeleg aktivitet endrar energibalansen i atmosfæren
- gjere greie for nokre moglege konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågtliggjande område, og drøfte eitt aktuelt klimatiltak
- gjennomføre forsøk med radioaktivitet, halveringstid og bakgrunnsstråling, forklare fenomena og gjere enkle berekningar
- beskrive kjenneteikn på ulike typar ioniserande stråling og gje døme på korleis slik stråling blir utnytta til teknisk og medisinsk bruk
- forklare korleis elektromagnetisk stråling frå verdsrommet kan tolkast og gje informasjon om verdsrommet
Energi for framtida
- gjere forsøk med solceller, solfangarar og varmepumper, forklare hovudtrekk i verkemåten og gjere enkle berekningar av verknadsgraden
- forklare kva redoksreaksjonar er, gjere forsøk med forbrenning, galvanisk element og elektrolyse, og gjere greie for resultata
- beskrive verkemåten og bruksområdet til nokre vanlege batteri og brenselceller
- gjere greie for ulik bruk av biomasse som energikjelde
- gjere greie for skilnaden mellom energikjelder og energiberarar og ein aktuell energiberar for framtida
Bioteknologi
- forklare genetisk kode og hovudtrekka i proteinsyntesen og gje døme på samspel mellom arv og miljø
- forklare omgrepa kryssing og genmodifisering og gje døme på korleis bioteknologi blir nytta til å modifisere eigenskapar hos plantar og dyr
- gje ei oversikt over ulike former for medisinsk bruk av bioteknologi, og diskutere moglegheiter og utfordringar ved slik bruk
- samanlikne argument om bruk av bioteknologi og drøfte faglege og etiske problemstillingar knytte til dei
10 av 13