Læreplan i norsk (NOR1-05)
Føremål
Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Gjennom aktiv bruk av det norske språket blir barn og unge innlemma i kultur og samfunnsliv, og rusta til å vere med i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Norskfaget opnar ein arena der dei får høve til å finne sine eigne stemmer, ytre seg, bli høyrde og få svar.
Samtidig skal norskfaget utvikle språkkompetansen hos elevane ut frå dei evnene og føresetnadene den einskilde har. Munnlege ferdigheiter og lese- og skrivekompetanse er både eit mål i seg sjølv og eit nødvendig grunnlag for læring og forståing i alle fag på alle steg. Faget skal motivere til lese- og skrivelyst og medverke til å utvikle gode læringsstrategiar.
I norskfaget møter elevane eit breitt spekter av tekstar. Faget byggjer på eit tekstomgrep som inkluderer munnlege, skriftlege og samansette tekstar, der skrift, lyd og bilete spelar saman. Elevane skal lære å orientere seg i mangfaldet av tekstar, og faget skal gje rom for både oppleving og refleksjon. I samband med opplæringa skal dei lese skjønnlitteratur og sakprosa, utvikle evna til kritisk tenking og få perspektiv på teksthistoria. Gjennom munnleg og skriftleg kommunikasjon kan dei setje ord på eigne tankar og stå fram med meiningar og vurderingar. Dei skal sjølve produsere ulike typar tekstar med føremålstenlege verktøy, og tilpasse språk og form til ulike føremål, mottakarar og medium. Etter kvart vil dei òg kunne fordjupe seg i faglege emne og bli flinkare til å formidle eit fagleg innhald til andre.
Norskfaget ligg i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det nasjonale og det globale. Å sjå norsk språk, kultur og litteratur i eit historisk og internasjonalt perspektiv kan gje elevane større forståing av det samfunnet dei er ein del av. Norsk kulturarv byr på ei mengd tekstar som kan tilføre noko nytt og uventa når perspektivet blir utvida. Kulturarven er slik sett ein levande tradisjon som endrar seg og blir skapt på nytt, og norskfaget skal oppmuntre elevane til å medverke aktivt i denne prosessen.
I Noreg er norsk og samisk offisielle språk, og nynorsk og bokmål er likestilte skriftlege målformer. Vi bruker mange ulike dialektar og talemålsvariantar, men òg andre språk enn norsk. Det språklege mangfaldet er ein ressurs for utviklinga av språkkompetansen hos barn og unge. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få eit medvite forhold til språkleg mangfald, og lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål. Føremålet med opplæringa er å gjere elevane tryggare språkleg, styrkje den språklege identiteten deira og utvikle språkforståinga deira, og gje eit godt grunnlag for å meistre begge målformene i samfunns- og yrkeslivet.
Læreplanen i norsk gjeld òg for elevar med samisk eller finsk som andrespråk. Opplæringa i norsk skal saman med opplæringa i andrespråket medverke til tospråkleg kompetanse hos desse elevane. For elevar med tospråkleg opplæring er det difor viktig med eit nært samarbeid mellom dei to faga.
1 av 14