Læreplan i norsk (NOR1-05)
Hovudområde
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpasse henne til dei ulike utdanningsprogramma.
Norsk har kompetansemål etter 2., 4., 7. og 10. årssteget i grunnskulen og etter Vg1, Vg2 og Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. I yrkesfaglege utdanningsprogram er det kompetansemål etter Vg2 og etter påbygging til generell studiekompetanse.
Kompetansemål for opplæring i skriftleg sidemål gjeld ikkje for yrkesfaglege utdanningsprogram etter Vg2.
Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram, elevar med opplæring i samisk eller finsk som andrespråk, og andre elevar som er fritekne for opplæring og vurdering i sidemål, skal berre skrive på hovudmålet sitt.
Oversikt over hovudområda:
Årssteg | Hovudområde | ||
1.–10. Vg1–Vg3 | Munnleg kommunikasjon | Skriftleg kommunikasjon | Språk, litteratur og kultur |
Munnleg kommunikasjon
Hovudområdet munnleg kommunikasjon handlar om å lytte og tale i ulike samanhengar. Lytting er ei aktiv handling der eleven skal lære og forstå ved å oppfatte, tolke og vurdere utsegnene til andre.
Gjennom førebudd munnleg framføring og spontan munnleg samhandling skal eleven utvikle evna til å kommunisere med andre og uttrykkje kunnskap, tankar og idear med eit variert ordforråd i ulike sjangrar. Munnleg kommunikasjon omfattar òg å tilpasse språk, uttrykksformer og formidlingsmåte til kommunikasjonssituasjonen.
Skriftleg kommunikasjon
Hovudområdet skriftleg kommunikasjon handlar om å lese og skrive norsk. Opplæringa omfattar den første lese- og skriveopplæringa og den systematiske vidareutviklinga av lese- og skrivekompetansen gjennom heile opplæringstida. Opplæringa i lesing skal stimulere lyst og evne til å lese og skrive, og inneber at eleven skal lese ulike tekstar, både for å lære og for å oppleve. Leseopplæringa skal samtidig gjere sitt til at eleven blir medviten si eiga utvikling når det gjeld lesing og skriving.
Skriving inneber å uttrykkje, bearbeide og kommunisere tankar og meiningar i ulike typar tekstar og sjangrar. Samansette tekstar er ein naturleg del av dei tekstane elevane skal lese og utforme. God skriftleg kommunikasjon krev eit godt ordforråd, ferdigheiter i tekstbygging, kjennskap til skriftspråklege konvensjonar og evne til å tilpasse teksten til føremålet og mottakaren.
Språk, litteratur og kultur
Hovudområdet språk, litteratur og kultur handlar om norsk og nordisk språk- og tekstkultur, også med internasjonale perspektiv. Elevane skal utvikle sjølvstendig forståing av norsk språk og litteratur, og få innsikt i korleis språk og tekstar har endra seg over tid og framleis er i endring.
Elevane skal få kunnskap om språket som system og språket i bruk. Dei skal lese og reflektere over eit stort og variert utval av eldre og nyare tekstar i ulike sjangrar og frå ulike medium. I tillegg skal elevane bli kjende med tradisjonar i norsk teksthistorie i eit samanliknande perspektiv mellom fortid og notid og i lys av impulsar utanfrå.
2 av 14