Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter 7. årssteget
Munnleg kommunikasjon
- lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og skilje mellom meiningar og fakta
- uttrykkje og grunngje eigne standpunkt og vise respekt for det andre meiner
- bruke song, musikk og bilete i framføringar og presentasjonar
- opptre i ulike roller i drama-aktivitetar, opplesing og presentasjon
- uttrykkje seg med eit variert ordforråd tilpassa kommunikasjonssituasjonen
- presentere fagstoff som er tilpassa føremålet og mottakaren, med eller utan digitale verktøy
- vurdere andre sine munnlege framføringar ut frå faglege kriterium
Skriftleg kommunikasjon
- lese eit breitt utval av norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på nynorsk og bokmål, og reflektere over innhaldet og forma i teksten
- referere, summere opp og reflektere over hovudmomenta i ein tekst
- lese enkle tekstar på svensk og dansk og gje att og kommentere innhaldet
- forstå og tolke opplysningar frå fleire uttrykksformer i ein samansett tekst
- meistre sentrale reglar i formverk og ortografi, og skrive tekstar med variert setningsbygning og funksjonell teiknsetjing
- skrive samanhengande med personleg og funksjonell handskrift, og bruke tastatur på ein føremålstenleg måte
- skrive tekstar med klart uttrykt tema og skape samanheng mellom setningar og avsnitt
- skrive forteljande, skildrande, reflekterande og argumenterande tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder, og tilpasse eigne tekstar til føremålet og mottakaren
- eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål
- gje tilbakemelding på andre sine tekstar ut frå faglege kriterium, og bearbeide eigne tekstar på bakgrunn av tilbakemeldingar
- bruke digitale kjelder og verktøy til å lage samansette tekstar med hyperkoplingar og varierte estetiske verkemiddel
- velje ut og vurdere informasjon frå bibliotek og digitale informasjonskanalar
Språk, litteratur og kultur
- gje døme på nokre likskapar og skilnader mellom munnleg og skriftleg språk
- utføre grunnleggjande setningsanalyse og vise korleis tekstar er bygde opp ved hjelp av omgrep frå grammatikk og tekstkunnskap
- samanlikne språk og språkbruk i tekstar på nynorsk og bokmål
- lese og uttale stadnamn som inneheld spesielle nordsamiske bokstavar, og kjenne til nokre ord og uttrykk på eitt av dei samiske språka
- samanlikne talemål i eige miljø med nokre andre talemålsvariantar og med dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål
- gje døme på og reflektere over korleis språk kan uttrykkje og skape haldningar til einskildindivid og grupper av menneske
- presentere eigne tolkingar av personar, handling og tema i eit variert utval av barne- og ungdomslitteratur på nynorsk og bokmål og i omsetjing frå samisk
- vurdere tekstar med utgangspunkt i eigne opplevingar og med forståing av språk og innhald
- kjenne til opphavsrettslege reglar for bruk av kjelder
- bruke ulike former for digitale og papirbaserte ordbøker
8 av 14