Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter Vg1 – studieførebuande utdanningsprogram og Vg2 – yrkesfaglege utdanningsprogram
Munnleg kommunikasjon
- lytte til og vere open for argumentasjon hos andre og bruke relevante og saklege argument i diskusjonar
- bruke norskfaglege kunnskapar og omgrep i samtalar om tekst og språk
- bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om skule, samfunn og arbeidsliv
- kombinere auditive, skriftlege og visuelle uttrykksformer og bruke ulike digitale verktøy i presentasjonar
- bruke kunnskap om retoriske appellformer i presentasjonar
- meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar, dramatiseringar og presentasjonar
Skriftleg kommunikasjon
- lese eit representativt utval av samtidstekstar, skjønnlitteratur og sakprosa, på nynorsk og bokmål og i omsetjing frå samisk, og reflektere over innhald, form og føremål
- skrive tekstar med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av eksempeltekstar
- tilpasse språk og uttrykksmåtar til ulike skrivesituasjonar i skule, samfunn og arbeidsliv
- bruke ulike estetiske uttrykksformer i samansette tekstar
- vurdere og revidere eigne tekstar ut frå faglege kriterium
- gjere greie for argumentasjonen i tekstane til andre, og skrive eigne argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål
- skrive kreative tekstar på hovudmål og sidemål og bruke språklege verkemiddel i dei
- hente inn, vurdere og bruke fagstoff frå digitale kjelder i arbeidet med eigne tekstar, og følgje reglar for personvern og opphavsrett
Språk, litteratur og kultur
- gjere greie for grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk
- gjere greie for og vurdere korleis språk og sjangrar blir nytta av representantar for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale samanhengar
- gje døme på fleirspråklegheit og drøfte fordelar og utfordringar i fleirspråklege samfunn
- drøfte kulturmøte og kulturkonfliktar med utgangspunkt i eit utval av samtidstekstar
- gjere greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva funksjon dei har
- tolke og vurdere samanhengen mellom innhald, form og føremål i samansette tekstar
10 av 14