Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter Vg2 – studieførebuande utdanningsprogram
Munnleg kommunikasjon
- lytte til, vurdere og gje rettleiande tilbakemelding på munnlege presentasjonar hos andre
- bruke kunnskap om retoriske appellformer i diskusjonar og presentasjonar
- presentere norskfaglege emne og drøfte det framlagde stoffet
- formidle faginnhald presist og bruke digitale medium og verktøy i formidlinga
Skriftleg kommunikasjon
- lese og analysere tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar, og ta stilling til spørsmål tekstane tek opp, og verdiar dei representerer
- lese og analysere nokre sentrale tekstar på svensk og dansk
- skrive tekstar med klart føremål og god struktur og samanheng
- uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre språklege formkrav
- skrive kreative, informative og argumenterande tekstar, utgreiingar, litterære tolkingar, drøftingar og andre resonnerande tekstar på hovudmål og sidemål
Språk, litteratur og kultur
- gjere greie for nokre sentrale likskapar og skilnader mellom norrønt og moderne norsk språk
- gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk på 1800-talet
- forklare argumentasjonen i sakprosatekstar ved å bruke kunnskap om retorikk
- analysere innhaldet og vurdere bruken av verkemiddel i tekstar som er henta frå digitale medium
- samanlikne forteljemåtar og verdiar i eit utval av samtidstekstar med forteljemåtar og verdiar i mytar og folkedikting
- gjere greie for korleis ulike førestellingar om det norske kjem til uttrykk i sentrale tekstar frå slutten av 1700-talet til 1870-åra og i eit utval av samtidstekstar
- lese eit utval av sentrale norske og nokre europeiske tekstar frå mellomalderen til og med romantikken, setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng og kommentere form og innhald
- referere til og vurdere kjelder i aktuelle faglege situasjonar
11 av 14