Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter Vg3 – studieførebuande utdanningsprogram
Munnleg kommunikasjon
- lytte til, systematisere og samanfatte informasjonen i munnlege tekstar og reflektere over innhaldet
- lytte til og vurdere argumentasjonen i munnlege tekstar i ulike medium og ta stilling til innhaldet og føremålet
- drøfte norskfaglege og tverrfaglege emne ved hjelp av fagterminologi og heilskapleg argumentasjon
- bruke retoriske og digitale ferdigheiter til å produsere og framføre samansette tekstar
- setje saman og framføre eit avgrensa litterært program
Skriftleg kommunikasjon
- orientere seg i store mengder tekst av ulik kompleksitet og velje ut, samanfatte og vurdere relevant informasjon
- lese eit utval av samtidstekstar på nynorsk og bokmål og drøfte desse tekstane språkleg og tematisk i forhold til vår tid
- bruke kunnskap om tekst, sjanger, medium og språklege verkemiddel til å planleggje, utforme og bearbeide eigne tekstar med klart føremål, god struktur og sakleg argumentasjon
- uttrykkje seg med eit presist og nyansert ordforråd og meistre språklege formkrav
- skrive kreative, informative og resonnerande tekstar, litterære tolkingar og retoriske analysar på hovudmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglege tekstar
- bruke kjelder på ein kritisk og etterprøvbar måte og meistre digital kjeldetilvising
Språk, litteratur og kultur
- gjere greie for særtrekk ved eit utval av norske talemålsvariantar og reflektere over forhold som kan påverke utviklinga av talemål
- gjere greie for norsk språkdebatt og språkpolitikk frå år 1900 til i dag
- gjere greie for trekk ved samisk språk og kultur og konsekvensar av norsk språk- og fornorskingspolitikk
- gjere greie for nokre sentrale likskapar og skilnader mellom dei nordiske språka
- presentere eit utval av omsette og originale nordiske tekstar
- tolke og vurdere komplekse samansette tekstar
- analysere, tolke og samanlikne eit utval av sentrale norske og nokre internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng
- bruke omgrep frå retorikken for å analysere og vurdere ulike typar sakprosatekstar
- gjennomføre ei sjølvvald og utforskande fordjupingsoppgåve med språkleg, litterært eller anna norskfagleg emne, og velje kommunikasjonsverktøy ut frå faglege behov
12 av 14