Læreplan i norsk (NOR1-05)
Vurdering
Retningsliner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Årssteg | Ordning |
10. årssteget | Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk hovudmål skriftleg, éin i norsk sidemål skriftleg og éin i norsk munnleg. |
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram | Elevane skal ha éin standpunktkarakter. |
Vg3 studieførebuande utdanningsprogram Vg3 påbygging til generell studiekompetanse | Elevane skal ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk hovudmål skriftleg, éin i norsk sidemål skriftleg og éin i norsk munnleg. |
Eksamen for elevar
Årssteg | Ordning |
10. årssteget | Elevane kan trekkjast ut til to dagars skriftleg eksamen som omfattar norsk hovudmål og norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Elevane kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. |
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram | Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Elevane kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (112 timar). |
Vg3 studieførebuande utdanningsprogram Vg3 påbygging til generell studiekompetanse | Elevane skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Elevane kan òg trekkjast ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Elevane kan i tillegg trekkjast ut til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (393 timar). |
Eksamen for privatistar
Årssteg | Ordning |
10. årssteget | Sjå ordninga som gjeld for grunnskuleopplæring for vaksne. |
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram | Privatistane skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. I tillegg skal privatistane opp til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (112 timar). |
Vg3 studieførebuande utdanningsprogram Vg3 påbygging til generell studiekompetanse | Privatistane skal opp til skriftleg eksamen i norsk hovudmål og i norsk sidemål. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatistane opp til munnleg eksamen i norsk. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen omfattar heile faget (393 timar). |
Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.
14 av 14