Læreplan i valfaget produksjon av varer og tenester (PVT1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Produksjon av varer og tenester
Idéutvikling
- identifisere behova for varer og tenester på skolen eller i lokalsamfunnet
- vurdere korleis behova kan tilfredsstillast gjennom nye varer og tenester eller ved å vidareutvikle dei som allereie eksisterer
- utvikle ein forretningsidé og etablere ei verksemd
Produksjon
- planleggje, produsere, marknadsføre og tilby ei vare eller teneste til ei definert målgruppe
- setje opp eit enkelt budsjett og ein enkel rekneskap for arbeidet
- utnytte ressursar i lokalsamfunnet på ein føremålstenleg måte
6 av 7