Læreplan i trebåtbyggerfaget Vg3 / opplæring i bedrift (TRB3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Teikning
- bruke arbeidsteikningar og tabellar i trebåtbyggjarfaget
- gjere oppslag av ulike delar av båten i full storleik
- lage malar ut frå teikning og oppslag
- lage frihandsskisser og enkle modellar som førebuing til produksjon
- velje form og overflatebehandling og grunngi valet ut frå bruksområde og estetikk
- gjere greie for lokale særtrekk ved trebåtbygging og setje desse inn i ein nasjonal og internasjonal samanheng
Produksjon
- handtere og lagre trematerialar for aktuell produksjon
- kvalitetssortere og bruke trevirke og anna materiale
- bruke verktøy og teknikkar tilpassa ulike materialar, ergonomi og tidsbruk
- bruke mekaniske og kjemiske forbindingsmetodar tilpassa aktuelle bruksområde
- bruke ulike middel og metodar for tetting
- lage rundholt til ulike formål
- utføre trearbeid i samband med tekniske installasjonar
- halde ved like verktøy, maskiner og utstyr
- utføre overflatebehandling tilpassa material, bruksområde og miljø
- rekne ut kostnader ved eigen produksjon
- gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og rutinar for internkontroll
- gjere greie for og rette seg etter gjeldande regelverk for trebåtbyggjarfaget
Vedlikehald
- vurdere tilstand og utarbeide vedlikehaldsprogram for trebåtar
- vurdere og grunngi behov for reparasjon og restaurering og beskrive kva arbeidet inneber
- utføre ulike typar reparasjonsarbeid på trebåtar
- utføre vedlikehald tilpassa materiale, båttype og bruksområde
- gjere overslag over kostnader for vedlikehald, reparasjon og restaurering
6 av 7