Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 2. årssteget
Tal
- telje til 100, dele opp og byggje mengder opp til 10, setje saman og dele opp tiargrupper opp til 100 og dele tosifra tal i tiarar og einarar
- bruke tallinja til berekningar og til å vise talstorleikar
- gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
- utvikle, bruke og samtale om varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal og vurdere kor rimelege svara er
- doble og halvere
- kjenne att, samtale om og vidareføre strukturar i enkle talmønster
Geometri
- kjenne att og beskrive trekk ved enkle to- og tredimensjonale figurar i samband med hjørne, kantar og flater og sortere og setje namn på figurane etter desse trekka
- kjenne att, bruke og samtale om spegelsymmetri i praktiske situasjonar
- lage og utforske geometriske mønster, både med og utan digitale verktøy, og beskrive dei munnleg
Måling
- måle og samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar, beskrive korleis og samtale om resultata
- nemne dagar, månader og enkle klokkeslett
- kjenne att norske myntar og setlar opp til 100 og bruke dei i kjøp og sal
Statistikk
- samle, sortere, notere og illustrere data med teljestrekar, tabellar og søylediagram og samtale om prosessen og kva illustrasjonane fortel om datamaterialet
6 av 14