Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter 10. årssteget
Munnleg kommunikasjon
- lytte til, summere opp hovudinnhaldet og trekkje ut relevant informasjon i munnlege tekstar
- lytte til, forstå og gje att informasjon frå svensk og dansk
- samtale om form, innhald og føremål i litteratur, teater og film og framføre tolkande opplesing og dramatisering
- vere med i diskusjonar med grunngjevne meiningar og sakleg argumentasjon
- presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og føremålstenleg bruk av digitale verktøy og medium
- vurdere eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå faglege kriterium
Skriftleg kommunikasjon
- orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon i arbeid med faget
- lese og analysere eit breitt utval av tekstar i ulike sjangrar og medium på nynorsk og bokmål og formidle moglege tolkingar
- gje att innhaldet og finne tema i eit utval av tekstar på svensk og dansk
- skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder
- kjenne att verkemidla humor, ironi, kontrastar og samanlikningar, symbol og språklege bilete og bruke nokre av dei i eigne tekstar
- planleggje, forme ut og bearbeide eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst
- uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre formverk, ortografi og tekstbinding
- skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngjevne synspunkt og tilpassa føremålet, mottakaren og mediet
- integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte når det er føremålstenleg
Språk, litteratur og kultur
- kjenne att retoriske appellformer og måtar å argumentere på
- drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande
- gjere greie for nokre kjenneteikn på hovudgrupper av talemål i Noreg, og diskutere haldningar til ulike talemål og dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål
- meistre grammatiske omgrep for korleis språk er oppbygde
- bruke grammatiske omgrep til å samanlikne nynorsk og bokmål
- forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjere greie for språkdebatt og språkleg variasjon i Noreg i dag
- gjere greie for utbreiinga av dei samiske språka og for rettar i samband med samiske språk i Noreg
- presentere tema og uttrykksmåtar i eit utval av sentrale samtidstekstar og nokre klassiske tekstar i norsk litteratur
- gje døme på og kommentere korleis samfunnsforhold, verdiar og tenkjemåtar er framstilte i omsette tekstar frå samisk og andre språk
- gjere greie for samspelet mellom estetiske verkemiddel i samansette tekstar, og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete
- presentere resultatet av fordjuping i to sjølvvalde emne: ein forfattarskap, eit litterært emne eller eit språkleg emne, og grunngje valet av tekstar og emne
- forklare og bruke grunnleggjande prinsipp for personvern og opphavsrett når ein publiserer og bruker tekstar
9 av 14