Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter 2. årssteget
Munnleg kommunikasjon
- lytte, ta ordet etter tur og gje respons til andre i samtalar
- lytte til tekstar på nynorsk og bokmål og samtale om dei
- lytte etter, forstå, gje att og kombinere informasjon
- leike, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, språklydar, stavingar, meiningsberande element og ord
- samtale om korleis val av ord, stemmebruk og intonasjon skaper meining
- fortelje samanhengande om opplevingar og erfaringar
- setje ord på eigne kjensler og meiningar
- uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
Skriftleg kommunikasjon
- vise forståing av samanhengen mellom språklyd og bokstav og mellom talespråk og skriftspråk
- trekkje lydar saman til ord
- lese store og små trykte bokstavar
- lese enkle tekstar med samanheng og forståing på papir og skjerm
- bruke eigne kunnskapar og erfaringar for å forstå og kommentere innhaldet i lesne tekstar
- skrive setningar med store og små bokstavar og punktum i eiga handskrift og på tastatur
- skrive enkle skildrande og forteljande tekstar
- arbeide kreativt med teikning og skriving i samband med lesing
- skrive etter mønster av enkle eksempeltekstar og ut frå andre kjelder for skriving
Språk, litteratur og kultur
- samtale om opphavet til nokre kjende ordtak, omgrep og faste uttrykk og vite kva dei tyder
- samtale om omgrepa dialekt, nynorsk og bokmål
- samtale om korleis ord og bilete verkar saman i biletbøker og andre biletmedium
- samtale om innhald og form i eldre og nyare songar, regler og dikt
- samtale om personar og handling i eventyr og forteljingar
- finne skjønnlitteratur og sakprosa på biblioteket til eiga lesing
6 av 14