Læreplan i norsk (NOR1-05)
Kompetansemål etter 4. årssteget
Munnleg kommunikasjon
- lytte etter, gje att, forklare og reflektere over innhaldet i munnlege tekstar
- forstå noko svensk og dansk tale
- bruke eit ordforråd som eignar seg til å samtale om faglege emne, fortelje om eigne erfaringar og uttrykkje eigne meiningar
- samhandle med andre gjennom leik, dramatisering, samtale og diskusjon
- følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål
- variere stemmebruk og intonasjon i framføring av tekstar
Skriftleg kommunikasjon
- lese tekstar av ulike typar på nynorsk og bokmål med samanheng og forståing
- finne informasjon ved å kombinere ord og illustrasjonar i tekstar på skjerm og papir
- kjenne att og bruke språklege verkemiddel som oppatt-taking, kontrast og enkle språklege bilete
- lese, reflektere over og samtale om eigne og andre sine tekstar
- bruke ulike typar notatar og eksempeltekstar som grunnlag for eiga skriving
- skrive enkle forteljande, skildrande og argumenterande tekstar
- skrive med samanhengande og funksjonell handskrift og bruke tastatur i eiga skriving
- strukturere tekstar med overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning
- variere ordval og setningsbygning i eiga skriving
- lage tekstar som kombinerer ord, lyd og bilete, med og utan digitale verktøy
- søkje etter informasjon, skape, lagre og finne att tekstar ved hjelp av digitale verktøy
- bruke bibliotek og Internett til å finne stoff til eiga skriving
Språk, litteratur og kultur
- gjere greie for ordklassar og deira funksjon
- forklare korleis ein med språkbruk kan krenkje andre
- gjere greie for eige talemål og samanlikne med talemålet til andre
- samtale om innhald og form i samansette tekstar
- gje uttrykk for eigne tankar og opplevingar om barnelitteratur, teater, film, dataspel og TV-program
- samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på nynorsk, bokmål og i omsetjing frå samisk og andre språk
- gje uttrykk for eigne tankar om språk, personar og handling i tekstar frå ulike tider og kulturar
7 av 14