Kunnskapsgrunnlag i engelsk
7. Overordna prinsipp og føringar frå læreplanverket
Den overordna delen av læreplanen presenterer verdiar og prinsipp som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa, og som derfor må reflekterast i læremiddel for engelskfaget. Vi trekker i teksten vidare fram nokre av dei.
7.1 Kritisk og vitskapleg tenking
Kritisk og vitskapleg tenking står sentralt i verdigrunnlaget i læreplanverket, og inneber «å bruke fornufta på ein undersøkande og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringar, fenomen, ytringar og kunnskapsformer». Kritisk tenking er viktig for å utfordre biletet vi har av verda (sjå 2.3.2 ovanfor). I den overordna delen av læreplanen heiter det: «Om ny innsikt skal vekse fram, må etablerte idear granskast og kritiserast med teoriar, metodar, argument, erfaringar og bevis. (…) Dei skal òg kunne forstå at deira eigne erfaringar, standpunkt og overtydingar kan vere ufullstendige eller feilaktige.» Dette er svært relevant for utviklinga av interkulturell kompetanse, nemleg at elevar blir utfordra til å ta eit steg tilbake og sjå på eigne haldningar så vel som «etablerte sanningar» i samfunnet med eit kritisk blikk.
7.2 Djupnelæring
For å legge til rette for djupnelæring i faget (sjå del 2.1) må elevane oppmodast til å tenke igjennom ulike problemstillingar der det ikkje alltid er mogleg å komme fram til eit endeleg svar. Språklæring gjennom eksplisitt vektlegging av separate språkstrukturar er nyttig for å lære korleis enkelte delar fungerer i språket som system, men djup forståing føreset at ein møter og arbeider med slike i ein kommunikativ kontekst. Bruk av spel i engelskopplæringa kan tene som eit godt eksempel på denne forskjellen. På den eine sida finst skill & drill-spel. Her møter spelaren enkle og mekaniske oppgåver der det gjeld å velje rett eller feil svar. På den andre sida finst open world- og multiplayer-spel som tilbyr eit rikhaldig språkmiljø der spelaren må bruke språket for å forhandle og finne løysingar i samarbeid med andre spelarar.
Når det gjeld språklæring, vil elevane lære lingvistiske strukturar og vokabular meir heilskapleg dersom dei relaterer den nye kunnskapen til tidlegare kunnskap. Dette krev merksemd og refleksjon, og både læremiddelet og læraren kan hjelpe elevane med å inkorporere ny kunnskap med det dei tidlegare kjenner til. Det å sjå etter mønster og underliggande prinsipp hjelper elevane med å forstå språklege fenomen og strukturar i djupna. Som nemnt over kan assosiering og samanlikning med andre språk eleven kjenner, vere til hjelp.
Djupnelæring skal også vere eit prinsipp i arbeidet med kultur- og litteraturtema i engelskfaget. Elevane lærer om engelsk som verdsspråk og om ulike delar av den engelskspråklege verda, der mellom anna urfolks levevilkår og historie er eit sentralt tema. Det er viktig at kulturkunnskapen i engelskfaget ikkje blir dominert av vilkårlege fakta om engelskspråklege land (Lund, 2007, 2019), men at tema og oppgåver som handlar om litteratur og kultur, gir varierte perspektiv og inviterer til refleksjon hos elevane. Bearbeiding av kunnskap gjennom analytisk skriving (f.eks. samanlikning eller drøfting) og samtale/diskusjon vil føre til det som Bereiter og Scardamalia (1987) kallar knowledge transforming, i motsetning til knowledge telling. I innleiinga er det omtalt ein type oppgåver der svara kan hentast direkte i teksten, der elevar skannar teksten for å finne dei rette svara utan å relatere til innhaldet som heilskap (Løvland, 2011; Torvatn, 2004, sjå 4.2). Slike oppgåver innbyr til knowledge telling og overflatelæring. Det å arbeide med nokre avgrensa aspekt av eit tema på ein meir kompleks måte fører ifølge Applebee & Langer (1987) til læring som er «longer lived» – med andre ord djupnelæring.
7.3 Tverrfaglege tema
Læreplanen inkluderer tre tverrfaglege tema: «folkehelse og livsmeistring», «demokrati og medborgarskap» og «berekraftig utvikling». Alle tre temaa kan arbeidast med i alle fag. Av omsyn til omfanget av faga har LK20 likevel ikkje sett som mål at alle fag går like djupt inn i alle tre temaa. «Demokrati og medborgarskap» og «folkehelse og livsmeistring» er vurderte som mest relevante for engelskfaget og derfor eksplisitt inkluderte i læreplanen for faget. «Folkehelse og livsmeistring» i engelskfaget handlar om at elevane skal kunne «gi uttrykk for egne følelser, tanker, erfaringer og meninger» og utvikle nye perspektiv på korleis andre tenker og kommuniserer, og på eigne og andres levemåtar og livssituasjonar. Dette temaet kan altså knytast både til identitetsutvikling og til interkulturell kompetanse. Interkulturell kompetanse står også sentralt i temaet «demokrati og medborgarskap», som framhevar kommunikasjon uavhengig av landegrenser, og førebygging av fordommar (sjå punkt 2.3.2).
Verdiar og prinsipp uttrykte i den overordna delen heng tett saman. Å arbeide med tverrfaglege tema frå ulike perspektiv og aktivt utforske, samanlikne, stille spørsmål og finne forklaringar fremmar også kritisk tenking og djupnelæring. I engelskfaget kan ein på alle nivå legge opp til møte med tekstar og gode læringsaktivitetar der den enkelte kan kommunisere og reflektere både på eit nært og personleg plan og i eit større samfunnsperspektiv.
Oppsummering
Eit godt læremiddel
- støttar utviklinga av evna til kritisk og vitskapleg tenking ved å be elevane definere korleis dei bruker omgrep, utfordre dei til å utdjupe synspunkt og stille spørsmål som inviterer dei til å reflektere kritisk og til å sjå nye perspektiv
- legg til rette for at elevane kan oppdage mønster og underliggande prinsipp som kan hjelpe dei å forstå språklege fenomen og strukturar i djupna
- legg til rette for at elevane kan arbeide med tema ut frå fleire perspektiv og ved hjelp av varierte tekstar og arbeidsformer
- har opne oppgåver som ber elevane reflektere, stille spørsmål, sjå samanhengar og drøfte tema frå ulike vinklar
- legg til rette for at elevane kan utforske tema relaterte til mennesket som individ og som del av ein fellesskap og eit samfunn, med utgangspunkt i «folkehelse og livsmeistring» og «demokrati og medborgarskap»