Kunnskapsgrunnlag i engelsk
9. Kva kjenneteiknar eit godt læremiddel for engelskfaget?
Dette kunnskapsgrunnlaget skal ifølge oppdraget frå Utdanningsdirektoratet gi ei oversikt over læremiddelfeltet bygd på læremiddelforsking og didaktisk forsking og «definere kvalitetskriterier basert på denne oversikten». Oversikta har ein generell del der vi har trekt fram kriterium som kan gjelde fleire fag, med utgangspunkt i dei overordna delane av læreplanen. I den delen som omhandlar engelskfaget spesielt, har vi tatt utgangspunkt i læreplanen for engelsk og trekt fram spesifikke konsekvensar for læremiddel i engelskfaget. Etter kvart kapittel har vi summert opp nokre kvalitetskriterium som bygger på omtalen i kapittelet. I denne siste delen vil vi samanfatte desse kriteria, slik at dei kan danne grunnlag for dei påstandane som lærarane skal ta standpunkt til i den digitale rettleiaren for kvalitetskriterium. Påstandane i den digitale rettleiaren er ordna i tre kategoriar:
- føringar frå læreplanverket
- pedagogisk og didaktisk kvalitet
- utforming og tekstleg kvalitet
Vi følger denne kategoriseringa her.
9.1 Føringar frå læreplanverket
Eit godt læremiddel i engelsk
- har ei framstillingsform som fremmar ei utforskande tilnærming til kunnskapsstoffet
- har oppgåver som gir elevane høve til å gå i djupna med tema og problemstillingar
- speglar eit mangfaldig samfunn, slik at alle elevar kan kjenne seg inkluderte og verdsette
- presenterer tekstar, tema og tilnærmingsmåtar som bidrar til at elevane utviklar felles referanserammer, slik den overordna delen i læreplanen føreskriv
- tar omsyn til at elevane er ei samansett gruppe når det gjeld både språkbakgrunn, kulturbakgrunn, interesser og kompetanse i engelskfaget
- støttar læraren i arbeidet med å gi tilpassa opplæring, mellom anna ved å ha oppgåver som kan løysast på ulike nivå
- er variert med tanke på tilpassing av lærestoffet til ulike elevgrupper og moglege løysingsalternativ
- passar til utforskande arbeid med tekstar og lærestoff
- støttar læraren og eleven i å fange opp kompetansen til eleven i det daglege arbeidet
- hjelper elevane med å reflektere rundt og vurdere læringsprosessar og eventuelle sluttprodukt
- hjelper elevane med å reflektere rundt bruk av læringsstrategiar og planlegge for vidare læring
- tar vare på personvernet til eleven (dersom læremiddelet lagrar elevdata, er det gjort detaljert greie for kva for data som blir samla, til kva formål, og kven som har tilgang til dei)
- har teknologiske løysingar som bygger på eit læringssyn som er i tråd med verdigrunnlaget i læreplanen
9.2 Pedagogisk og didaktisk kvalitet
Eit godt læremiddel i engelsk
- bygger på forsking om språklæring og tar for seg utfordrande språklege tema på varierte måtar og frå fleire perspektiv
- gir elevane på alle trinn og utdanningsprogram rikeleg høve til å møte autentisk engelsk språk og støttar dei i utviklinga av språkbevisstheit
- legg til rette for arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene
- opnar for ei utforskande tilnærming til språklæring der elevane kan eksperimentere, prøve og feile
- har eit vidt repertoar av lærestoff og arbeidsmåtar
- gir elevane rikeleg eksponering for autentisk språkbruk, slik at det støttar elevane i å tileigne seg språkstrukturane dei treng for å forstå og kommunisere på engelsk
- integrerer grammatikkemne i kommunikative kontekstar og viser korleis grammatiske former uttrykker meining
- fokuserer også eksplisitt på språkstrukturar når det gjeld å forklare grammatiske fenomen, for eksempel korleis ulike setningsledd fungerer i høve til kvarandre
- har ein bevisst bruk av deduktive og induktive tilnærmingar og viser slik fram språket frå ulike perspektiv
- representerer språket slik det faktisk blir brukt, heller enn å vise eit «ideelt» språk lausrive frå konteksten
- legg til rette for bruk av den kunnskapen elevane har om andre språk enn engelsk
- peiker på likskapar og forskjellar mellom ord, uttrykk og språklege fenomen i ulike språk
- stiller spørsmål som får elevane til å assosiere, reflektere over og utforske engelsk saman med andre språk dei har møtt
- legg til rette for at elevane kan bruke språk dei beherskar godt, i fasar av engelsk språkproduksjon
- tar i bruk førstespråket/skolespråket i rettleiing, instruksjonar og forklaringar der det kan verke avklarande
- har ei bevisst og formålstenleg tilnærming til fleirspråklegheit som ressurs i engelskopplæringa
- har oppgåver som inviterer til arbeid med vokabular i kontekst og refleksjon over orddanning, betydningar og bruk
- har merksemd retta mot høgfrekvente ord og lar elevane møte desse orda hyppig heilt frå 1. trinn
- laga for begynnaropplæringa legg opp til gode og systematiske måtar å bygge opp vokabular på (vokabular blir her rekna i vid forstand og omfattar frasar, uttrykk og setningsstartarar)
- inkluderer tekstar med stadig meir nyanserte ord og lar elevane møte desse orda i ulike samanhengar
- laga for ungdomstrinnet og vidaregåande nivå inkluderer eit akademisk ordforråd i aukande grad
- laga for yrkesfaglege program har høg og relevant representasjon av eit fagleg, spesialisert ordforråd knytt til autentiske situasjonar og samanhengar
- framhevar grupper av ord som vanlegvis opptrer saman eller kan assosierast med kvarandre
- omtaler og legg til rette for bruk av vokabularlæringsstrategiar (desse strategiane er tilpassa tema/fagområde, situasjon og formål med kommunikasjonen)
- gir plass til eit vidt spekter av tekstar og teksttypar av ulike format
- har gode modelltekstar for eleven si eiga tekstskaping
- introduserer faglege omgrep med gode forklaringar
- legg til rette for at elevane får bruke ferdigheiter og kompetanse i engelsk som dei har tileigna seg utanfor skolen
- gir plass til eit vidt spekter av tekstar av ulikt format, sjanger og lengde
- balanserer mellom behov for tilpassing og autentisitet
- inkluderer tidsaktuelle og populærkulturelle narrativ og tekstar relaterte til barn og unges liv, erfaringar og interesser
- gjer bruk av fleire modalitetar (f.eks. tekst, bilete, tale og musikk) og er bevisst korleis dei verkar saman
- viser fram mangfald og språkleg og kulturell variasjon gjennom tekstar, illustrasjonar og oppgåver
- legg til rette for at elevar kan møte verdiar og tenkesett som er ulike deira eigne, og som opnar for fleire perspektiv
- er bevisst korleis folk og kulturar er representerte i tekstane, og om kven som har det dominerande blikket og den dominerande stemma
- viser korleis ulike livsvilkår kan forme samfunnsstrukturar og erfaringane til enkeltmenneske
- unngår å la kommentarar, illustrasjonar og oppgåver avgrense elevane i deira tolkingar og opplevingar av tekstane
- legg til rette for at elevane får arbeide kreativt, samanliknande og utforskande
- opnar for refleksjon, dialog og sjølvstendig tekstproduksjon
9.3 Utforming og tekstleg kvalitet
Eit godt læremiddel i engelsk
- har tydelege og informative lærarrettleiingar, slik at læremiddelet blir eit godt verktøy også for lærarar utan formell kompetanse i engelskfaget
- utnyttar dei fordelane som digitale flater kan gi
- utnyttar dei sterke sidene ved dei ulike modalitetane til å legge fram stoffet på ein måte som er tilpassa både faget og eleven og inviterer til å bruke fleire sansar der det er mogleg
- bruker tilleggstekstar som er lette å forstå og godt forklarte
Eit godt læremiddel skal sjølvsagt vere til god hjelp for læraren når han eller ho skal tilpasse stoffet til eleven og til den konteksten som læringsarbeidet inngår i. Læremidla må også gi rom for læraren. Det profesjonelle skjønnet til læraren og utviklingsarbeidet i profesjonsfellesskapen er omtalt i mange samanhengar i den overordna delen av læreplanen. Arbeidet med å vurdere, velje og ta i bruk eit læremiddel er ein del av dette utviklingsarbeidet. For kor godt eit læremiddel fungerer, står og fell i siste instans med korleis det blir tatt i bruk, og korleis læraren legg til rette for læringsarbeidet til eleven. Er det éin ting forskinga på bruk av læremiddel er einig om, er det at læraren speler ei avgjerande rolle i arbeidet med læremidla, anten dei er papirbaserte eller digitale.