Kunnskapsgrunnlag for kvalitetskriterium for læremiddel i norsk
1.4 Kven vel læremiddel?
Da godkjenningsordninga for læremiddel blei oppheva i år 2000, var eit av argumenta at ein lærar skulle kunne bruke sitt profesjonelle skjønn og velje dei læremidla han eller ho meinte var best eigna til å realisere læreplanmåla (Bratholm, 2001). Det har vore lang praksis for at lærarane, gjerne i samarbeid med kollegaer, har valt kva læremiddel som skal brukast (Gilje et al., 2016; Skjelbred, 2003). Med aukande digitalisering er det ein fare for at valet i større grad blir gjort på skoleeigarnivå, for eksempel fordi innkjøp av lisensar til digitale læremiddel krev større investeringar enn innkjøp av lærebøker (Gilje, 2017, s. 68). Formålet med dette kunnskapsgrunnlaget og den tilhøyrande rettleiaren er at dei skal støtte profesjonsfellesskapen ved den enkelte skolen i vurdering og val av læremiddel.
Fleire undersøkingar viser at valet av læremiddel tradisjonelt har vore overlate til lærarane. I ein studie frå 2003 der lærarar og skoleleiarar blei spurde om kven som valde læremidla ved skolen deira, var konklusjonen at dette valet langt på veg blei delegert til lærarteam og i liten grad avgjort administrativt (Skjelbred, 2003, s. 23). I ei landsomfattande undersøking frå 2015 svarte 85 prosent av dei spurde at dei var heilt eller delvis ueinige i denne påstanden: «Ved min skole bestemmer skolens ledelse valg av lærebøker uten å konferere med lærerne» og «Ved min skole er lærebøker bestemt av skoleeier» (Gilje et al., 2016, s. 18). Biletet ser altså ikkje ut til å vere det same når det gjeld val av digitale læremiddel. I undersøkinga Spørsmål til Skole-Norge, som blei gjennomført i 2015, svarte 25 prosent av lærarane at dei i liten eller ingen grad var involverte i val av digitale læremiddel (Gjerustad & Waagene, 2015, s. 21).