Kunnskapsgrunnlag for kvalitetskriterium for læremiddel i norsk
8. Kva kjenneteiknar eit godt læremiddel for norskfaget
Dette kunnskapsgrunnlaget skal ifølge oppdraget frå Utdanningsdirektoratet gi ei oversikt over læremiddelfeltet bygd på læremiddelforsking og didaktisk forsking og «definere kvalitetskriterier basert på denne oversikten». Oversikta har ein generell del der vi har trekt fram kriterium som kan gjelde fleire fag, med utgangspunkt i dei overordna delane av læreplanen. I den delen som omhandlar norskfaget spesielt, har vi tatt utgangspunkt i læreplanen for norsk og trekt fram spesifikke konsekvensar for læremiddel i norskfaget. Etter kvart kapittel har vi summert opp nokre kvalitetskriterium som er bygde på omtalen i kapittelet. I denne siste delen vil vi samanfatte desse kriteria, slik at dei kan danne grunnlag for dei påstandane som lærarane skal ta standpunkt til i den digitale rettleiaren.. Påstandane i den digitale rettleiaren er ordna i tre kategoriar:
- føringar frå læreplanverket
- pedagogisk og didaktisk kvalitet
- utforming og tekstleg kvalitet
Vi følger denne kategoriseringa her.
8.1 Føringar frå læreplanverket
Eit godt læremiddel i norsk
- bidrar til å spegle eit komplekst, utviklande og utforskande norskfag gjennom eit variert utval av tekstar og tilnærmingsmåtar
- har tekstar, vinklingar og arbeidsmåtar som bygger på læreplanen sitt syn på læring og fremmar det som i læreplanen er omtalt som sentrale verdiar i faget
- har eit variert utval av tekstar både frå norsk, nordisk og internasjonal kultur frå fortid og notid, noko som bidrar til at elevane utviklar felles referanserammer, samtidig som det viser fram eit språkleg og kulturelt mangfald
- lar elevane reflektere over kunnskap om og forståing av eigen kultur så vel som andre lands kulturar og oppmodar til å utvikle ny innsikt
- gir kunnskapar og gode verktøy for å arbeide med kritisk tilnærming til tekst, mellom anna ved å synleggjere korleis kunnskap blir utvikla, og inviterer til refleksjon over utval, vinkling og framstillingsmåte i mange typar tekstar, også læremiddelet sjølv
- gir kunnskap om språket som system og moglegheit og om den norske språksituasjonen, samtidig som det inviterer til utforsking av og refleksjon over språklege problemstillingar
- fremmar djupnelæring ved at det har ein logisk progresjon, viser fram samanhengar mellom kunnskapsområde både innanfor norskfaget og på tvers av fag og inviterer eleven til å bruke tidlegare erfaringar og kunnskapar for å meistre ulike typar faglege utfordringar individuelt og i samspel med andre
- støttar læraren i arbeidet med dei grunnleggande ferdigheitene og har oppgåver som lar eleven arbeide med lesing, skriving, munnlege og digitale ferdigheiter på ein måte som både fremmar utviklinga av desse ferdigheitene og bidrar til at eleven får eit metaperspektiv på si eiga utvikling
- gir læraren hjelp til å legge til rette for arbeidet med tverrfaglege tema på premissane til norskfaget
- gir lærarar og elevar god hjelp i arbeidet med undervegsvurdering i form av oppgåver og mønstertekstar og synleggjer den faglege dialogen om læringa til eleven
8.2 Pedagogisk og didaktisk kvalitet
Eit godt læremiddel i norsk
- vender seg til målgruppa på ein engasjerande måte og opnar for at elevane kan ta med seg sine eigne interesser, meiningar og erfaringar inn i læreprosessen og dermed gjere denne prosessen meiningsfylt for dei på eit personleg plan
- har tekstar og oppgåver som elevane kan oppleve som relevante og engasjerande
- har tekstar, tilnærmingar, instruksjonar, eksempel, oppgåver og aktivitetar som tar omsyn til at elevane har ulik språkleg, sosial og kulturell bakgrunn
- gjer det mogleg å tilpasse tekstar og oppgåver til den enkelte eleven. Digitale læremiddel opnar for modifisering av tekstar og oppgåver i tråd med ulike behov og læringsmål hos elevane
- gir høve til å lære å lære (løyse problem, øve opp strategiar, osv.) og fremmar bevisstheit hos elevane om dette
- fremmar evna til å samarbeide, støttar samarbeidslæring og har oppgåver som eignar seg for samarbeid
- legg opp til utforskande arbeid med språk og tekst
- har varierte oppgåver som kan løysast på ulike nivå og med utfordringar til alle elevar
- synleggjer kva som er viktig stoff i faget, og rettar merksemda mot både innhald og form i ein tekst
8.3 Utforming og tekstleg kvalitet
Eit godt læremiddel i norsk
- appellerer til brukaren og bidrar til større motivasjon ved å hjelpe læraren med å skape ein attraktiv kontekst for læringa
- har eit stort repertoar av lærestoff og arbeidsmåtar og gjer det mogleg for eleven å ta i bruk fleire sansar
- varierer aktivitetstypar, former for interaksjon og arbeidsrytme
- legg opp til dialog og interaksjon med eleven, for eksempel ved å tilby tilbakemelding og gjere eleven nysgjerrig og motivert for arbeidet
- legg opp til at elevane kan arbeide kreativt og skapande i tråd med føringane i norskplanen
- har eit design som utnyttar dei sterke sidene (affordansen) til ulike meiningsberande ressursar på ein god måte og har god samanheng mellom dei ulike komponentane i læremiddelet.
- har ein klar og logisk struktur med passande og forståelege instruksjonar og ein layout som gjer læremiddelet lett å bruke for eleven
- har eit språk som er tilpassa alder og ulik språkleg og kulturell bakgrunn i målgruppa
- introduserer faglege omgrep med gode forklaringar og bygger bru mellom fagspråk og daglegspråk
- digitale læremiddel gir høve til oppdatering av innhald, og utnyttar dei særlege eigenskapane til ulike medium i læringsarbeidet
- oppfyller juridiske og formelle krav, for eksempel til GDPR, forsvarleg databehandling, universell utforming og krav til parallellutgåver på bokmål og nynorsk
- tar vare på personvernet til eleven (dersom læremiddelet lagrar elevdata, er det gjort greie for kva data som blir samla, til kva formål, og kven som har tilgang til dei)
- har teknologiske løysingar som bygger på eit læringssyn som er i tråd med verdigrunnlaget i læreplanen
Eit godt læremiddel skal sjølvsagt vere til god hjelp for læraren når han eller ho skal tilpasse stoffet til eleven og til konteksten som læringsarbeidet inngår i. Læremidla må også gi rom for læraren. Det profesjonelle skjønnet til læraren og utviklingsarbeidet i profesjonsfellesskapen er omtalt i mange samanhengar i den overordna delen av læreplanen. Arbeidet med å vurdere, velje og ta i bruk læremiddel er ein del av dette utviklingsarbeidet. For kor godt eit læremiddel fungerer, står og fell i siste instans med korleis det blir tatt i bruk, og korleis læraren legg til rette for læringsarbeidet. Er det éin ting det er einigheit om i forskinga på bruk av læremiddel, er det at læraren speler ei avgjerande rolle i arbeidet med læremidla, anten dei er papirbaserte eller digitale.