1. Vi har god kjennskap til mandatet til PP-tenesta
2. Det er god balanse mellom det førebyggande arbeidet, kompetanse- og organisasjonsutvikling og sakkunnskapsarbeidet i vår PP-teneste
3. I all kommunikasjon med barn, elevar og foreldre legg vi til rette for at alle skal bli høyrde og forstått
4. Vi er tilgjengelege for alle barnehagane våre
5. Vi er tilgjengelege for alle skulane våre
6. Vi bidreg til gode overgangar for barn og elevar i barnehage og skule
7. Vi er ein aktiv del av det lokale laget rundt barn og unge
8. Vi bidreg til at barn og unge opplever å få eit godt og koordinert tilbod
9. Vi er trygge i den uavhengige faglege rolla til PP-tenesta og praktiserer denne til det beste for barn og unge
10. Saman med barnehagane og skulane våre analyserer vi og reflekterer over tilgjengelege barnehage- og skuledata, og bruker dette som grunnlag for kvalitetsutvikling
11. I PP-tenesta vår har vi ei felles forståing av kva tidleg innsats inneber for arbeidet vårt
12. Vi er organiserte slik at vi er tett på og arbeider med tidleg innsats i barnehagar og skular
13. Vi bruker kunnskap, teori og forsking som grunnlag for praksisen vår
14. I PP-tenesta vår har vi ein delingskultur
15. Vi har god kjennskap til rammeplanen for barnehagen
16. Vi har god kjennskap til læreplanverket
17. Tilrådingane og vurderingane våre tek utgangspunkt i kva som er best for barnet eller eleven
18. PP-tenesta vår bidreg i barnehagane sitt arbeid med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø
19. PP-tenesta vår bidreg i skulane sitt arbeid med å skape eit trygt og godt skulemiljø
20. Vi kjenner det lokale oppvekstmiljøet til barn og unge og utnyttar dei moglegheitene som finst, på ein god måte
1. Vi har ei felles forståing av omgrepet inkludering
2. Vi kjem tidleg inn i saker og arbeider førebyggjande
3. Dei sakkunnige vurderingane våre fremjar ein inkluderande praksis
4. I rettleiings- og sakkunnearbeidet legg vi vekt på kva barnet/eleven sjølv meiner om deltaking i fellesskapet
5. Vi lyttar til meiningane og innspela foreldra kjem med om barnet/eleven si deltaking i fellesskapet
6. Vi hjelper barnehagane våre med å leggje til rette tilbodet sitt, slik at barn med særskilde behov får eit godt barnehagetilbod innanfor fellesskapet
7. Vi hjelper skulane våre med å tilretteleggje tilbodet sitt, slik at elevar som kan ha behov for tilrettelegging får eit godt opplæringstilbod innanfor fellesskapet
8. Vi samarbeider med aktuelle lærebedrifter for å leggje til rette opplæringstilbodet for lærekandidatar/lærlingar
9. Om vi erfarer at barn/elevar ikkje er ein del av fellesskapet, kjenner vi oss trygge nok til å seie ifrå om dette til barnehagen/skulen
10. I overgangen mellom grunnskule og vidaregåande rettleiar vi elevar med særskilde behov i å gjere gode skuleval, som bidreg til at dei opplever å vere ein viktig del av fellesskapet
11. Vi bidreg til å utvikle kultur og haldningar for inkludering i barnehagane og skulane våre
12. Vi bidreg til at barnehagane og skulane våre legg til rette den pedagogiske praksisen sin ut frå mangfaldet av barn og elevar
13. Saman med barnehagane og skulane våre vurderer vi kva som kan vere ei god organisering for å lykkast med inkludering
14. Vi bidreg i kommunen/fylkeskommunen sitt heilskaplege arbeid med å styrkje inkluderande praksis i barnehagar og skular
1. Vi har eit godt samarbeid med alle barnehagane våre
2. Vi har eit godt samarbeid med alle skulane våre
3. Vi har gode rutinar for samarbeid mellom kommunal og fylkeskommunal PP-teneste
4. Vi har eit godt samarbeid med alle aktuelle lærebedrifter
5. PP-tenesta, barnehagane og skulane er einige om korleis vi skal samarbeide for å få til ein god førebyggjande praksis
6. Hos oss får alle barn og elevar uttale seg i saker som gjeld dei, og det blir lagt stor vekt på kva dei meiner
7. Vi har gode rutinar for samarbeid med foreldre
8. Vi har gode rutinar for å innhente samtykke frå elev/foreldre til samarbeid med andre tenester
9. Vi er trygge på teieplikta og veit kva handlingsrom for samarbeid som ligg i ho
10. Vi er kjende med ansvarsområda til aktørane i det lokale laget rundt barn og unge
11. Vi har gode strukturar for samarbeid med det lokale laget rundt barn og unge
12. PP-tenesta vår har eit godt samarbeid med aktørane i det lokale laget rundt barn og unge
13. Vi samarbeider med andre PP-tenester for å dele erfaringar og utvikle praksis
14. Vi bruker digitale møteplassar når det er formålstenleg
15. Vi har eit godt samarbeid med barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
16. Vi har eit godt samarbeid med habiliteringstenesta (HAB)
17. Vi samarbeider med Statped om barn og elevar med komplekse utfordringar og/eller varige og omfattande behov
18. Vi har kjennskap til og veit når vi kan søkje støtte frå Samisk spesialpedagogisk teneste (SEAD)
1. Vi har kompetanse på pedagogisk og spesialpedagogisk praksis som fremjar inkludering
2. Vi har kompetanse til å jobbe med organisasjonsutvikling i barnehagen
3. Vi har kompetanse til å jobbe med organisasjonsutvikling i skulen
4. Vi har kompetanse til å hjelpe barnehagar og skular i arbeidet med å fremje eit
trygt og godt barnehage- og skulemiljø
5. Vi har kompetanse til å førebyggje, avdekkje og setje i verk tiltak mot urovekkjande skulefråvær og -fråfall
6. Vi har kompetanse til å utarbeide sakkunnige vurderingar til det beste for barn og elevar
7. Gjennom sakkunnearbeidet er vi trygge på å utnytte handlingsrommet som ligg i opplæringsmåla i læreplanverket
8. Vi har kompetanse til å vurdere og ta i bruk ulike metodar for observasjon
9. Vi har kompetanse til å bruke og tolke relevante utgreiings- og kartleggingsverktøy
10. Vi har kompetanse på digitale læringsressursar og held oss oppdaterte på kva som er eigna til pedagogisk bruk i barnehagen/skulen
11. Vi har kompetanse på dei breie spesialpedagogiske fagområda
12. Vi har kompetanse på tilrettelegging for barn og elevar med nevroutviklingsforstyrringar
13. Vi har kompetanse på tilrettelegging for barn og elevar med samansette lærevanskar
14. Vi har kompetanse på førebygging og tilrettelegging for barn og elevar med sosioemosjonelle vanskar
15. Vi har kompetanse på førebygging og tilrettelegging for barn og elevar med lesevanskar
16. Vi har kompetanse på førebygging og tilrettelegging for barn og elevar med språkvanskar
17. Vi har kompetanse på alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
18. Vi har kompetanse på fleirspråklegheit og kulturmangfald
19. Vi har kompetanse på førebygging og tilrettelegging for barn og elevar med matematikkvanskar
20. Vi har kompetanse til å hjelpe barnehagane og skulane våre med å leggje til rette for barn og elevar med stort læringspotensial
21. Vi jobbar etter ein langsiktig plan for å heve den samla kompetansen til PP-tenesta
22. I PP-tenesta vår veit vi når vi bør innhente spesialisert kompetanse (t.d. frå Statped, BUP, HABU, Frambu, osv.)
1. Vi er godt kjende med føresegnene i barnehagelova som har betydning for arbeidet til PP-tenesta
2. Vi er godt kjende med føresegnene i opplæringslova som har betydning for arbeidet til PP-tenesta
3. Vi er godt kjende med regelverket for vidaregåande opplæring som har betydning for arbeidet til PP-tenesta
4. Vi har god kjennskap til regelverket om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen
5. Vi har god kjennskap til regelverket om individuell tilrettelegging i skulen
6. Vi har god kjennskap til regelverket om individuell tilrettelegging i opplæringa av vaksne
7. Vi er godt kjende med regelverket som handlar om retten barn og elevar har til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø
8. Vi er godt kjende med aktuelle føresegner i forvaltningslova
9. Vi behandlar sensitiv informasjon på ein forsvarleg måte og med tilbørleg respekt
10. Vi har gode rutinar for å sikre at personvernet blir vareteke etter føresegnene i GDPR til kvar tid
11. I PP-tenesta vår har vi ei felles forståing av korleis vi utøver teieplikta
12. Vi har god kjennskap til ansvarsområda til samarbeidspartnarane våre i laget rundt barn og unge
13. Vi veit når vi kan dele, og kva vi kan dele med samarbeidspartnarane våre i laget rundt barn og unge
14. Vi er godt kjende med plikta til å vurdere omsynet til barnets beste i barnekonvensjonen artikkel 3, og korleis dette påverkar det direkte arbeidet vårt med barn og elevar
15. Vi er godt kjende med retten barn har til å bli høyrde i barnekonvensjonen artikkel 12, og korleis dette påverkar det direkte arbeidet vårt med barn og elevar
16. Vi har god kjennskap til retten til utdanning i artikkel 24 i FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD)
17. I tenesta vår held vi oss løpande oppdaterte på endringar og justeringar i relevant regelverk