Undervisningsvurdering – ein rettleiar for elevar og lærarar
Prinsipp
- Vurderinga blir gjennomført av læraren og elevane. Vurderinga skal utvikle dialogen mellom lærar og elev, og ho skal dreie seg om tilhøve som dei saman eller kvar for seg kan gjere noko med.
- Vurderinga skal vere direkte relatert til opplæringa i det enkelte fag.
- Vurderinga skal handle om læringsmål, arbeidsmåtar, læringsstrategiar, innhald og organisering i timane.