Endring i Læreplan i vg3 hestefaget
Endringa gjeld læreplanen med kode HST03‑02.
Teksten i læreplanen er endra fire stader for å gjera tydeleg sentral kompetanse knytt til hestevelferd og eit forsvarleg hestehald. Endringane er gjorde på bakgrunn av høyring sommaren 2022 og trer i kraft omgåande.
Endring 1
Følgjande er endra i eit kompetansemål:
- Teksten var: "identifisere og førebyggje smerte, mistrivsel, sjukdommar og skadar, utføre enkel sårbehandling og medisinering av hest og vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær"
- Teksten er endra til: "identifisere og førebyggje smerte, mistrivsel, sjukdommar og skadar, og utføre mønstring, enkel sårbehandling og medisinering av hest og vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær"
Endring 2
Følgjande er endra i eit kompetansemål:
- Teksten var: "vurdere risiko knytt til stalldrift, bruk og handtering av hest, og utføre tiltak som tek vare på helse, miljø og sikkerheit for dyr og menneske"
- Teksten er endra til: "vurdere risiko knytt til stalldrift, bruk, handtering og transport av hest, og utføre tiltak som tek vare på helse, miljø og sikkerheit for dyr og menneske"
Endring 3
Følgjande er endra i eit kompetansemål:
- Teksten var: "handtere hestar på ulike alderstrinn og i ulike situasjonar"
- Teksten er endra til: "handtere hestar i ulike aldre og i ulike situasjonar og gjere greie for faktorar som kan påverke åtferda til hestar"
Endring 4
Følgjande kompetansemål er lagt til i læreplanen: "skifte broddar, trekkje til saum og ta av sko, og vurdere behovet for verking og skoning ut frå bruksområdet til hesten"