Endring i Læreplan i vg3 hudpleiar

Endringa gjeld læreplanen som hadde koden HUD03‑03. Ny kode er HUD03-04.

Læreplan i vg3 hudpleiar endrar namn til Læreplan i vg3 hudterapi og yrkesnemninga blir endra frå hudpleiar til hudterapeut. Endringa gjeld frå 1. august 2024.

Det er ikkje gjort innhaldsmessig endringar i Læreplanen for vg3 hudterapi og namneendringa medfører ikkje endringar i innhaldet eller vurderinga til læreplanen. 

Som følgje av namneendringa har programfaget yrkesliv i hudpleiefaget endra namn til yrkesliv i hudterapifaget. Det er nye fagkodar til den nye læreplanen. Dei nye fagkodane vil direkte erstatte dei gamle fagkodane. Første eksamen etter nye fagkodar blir vår 2025.

Programområdet vg3 hudpleier endrar også namn til vg3 hudterapi.

Sjå læreplanen