Moglege val for matematikk i vgo
Det er ikkje gjort endringar i strukturen for matematikkfaga. Alle elevar, uavhengig av om dei har vald 1P eller 1T, kan velje både 2P, R1 eller S1.
Alle reglane som gjeld for samansetning av fag finn du i fag- og timefordelinga.
Nytt i LK20 er at elevar i programområde for språk, samfunnsfag og økonomi kan få godkjend matematikk S eller R som eitt av fordjupningsfaga sine. Endringa gjeld berre for dei elevane som begynte i Vg1 hausten 2020 og som følgjer innføringa av LK20.Når de skal gje råd til elevane er det viktig å ta utgangspunkt i den einskilde elev og dei kompetansane som er skildra i læreplanene.