Kva er nytt i informasjonsteknologi og medieproduksjon?
Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit nytt utdanningsprogram innanfor teknologi, kommunikasjon og brukaropplevingar. Utdanningsprogrammet vart innført hausten 2020.
Elevane lærer å utvikle idear og å vere kreative for å finne løysingar. Dei lærer brukarstøtte, nettverk, IT-sikkerheit og programmering, saman med innhaldsformidling, historieforteljing, foto, film og visuell kommunikasjon.
Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit heilt nytt utdanningsprogram, og eit born av den teknologiske utviklinga. I utdanningsprogrammet vil elevane få jobbe med programmering, utvikle appar, fortelje historier på sosiale medium, lage interaktive design og alt det tekniske som gjer dette mogleg.
I læreplanen for vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon er det lagt vekt på at faget skal danne eit felles grunnlag for dei to vala i vg2: IT eller medieproduksjon. IT-lærlingane treng å kommunisere korleis dei tekniske løysingane fungerer, og medielærlingane treng å vite korleis dei digitale verktøya og plattformene fungerer.
Dei nye læreplanane i vg2 skal legge til rette for ein god progresjon frå vg1-planen. Det inneber mellom anna at kunnskapsinnhaldet i læreplanane på vg2 er meir spesialisert og komplekst, og at elevane skal bruke kunnskapen dei har tileigna seg på meir avanserte måtar.
Samstundes som læreplanane på vg2 skal vere meir spesialiserte, skal dei også famne om breidda i faga. Det inneber at læreplanane må leggje til rette for lokalt handlingsrom og moglegheiter for tilpassing.
I informasjonsteknologi og medieproduksjon har vi utforma kompetansemåla slik at dei famnar om både breidda og djupna i kompetansen elevane skal ha før dei går ut i lære. Samstundes ynskjer vi å gi skolar på ulike stader i landet moglegheit til å tilpasse undervisninga til eige elevgrunnlag og til føresetnadene på den enkelte skolen. Vi har også vore opptatt av at elevane skal ha eit reflektert og bevisst forhold til opplæringa, og til kompetansen som krevst av dei når dei er ferdig utdanna. Kompetansemåla er difor utforma slik at dei kombinerer kunnskap og ferdigheiter, og i tillegg synleggjer forståing, refleksjon og kritisk tenking.
Innanfor informasjonsteknologifaga handlar vg2 om å utvikle og drifte sikre og brukarvenlege IT-løysingar, og å rettleie brukarane i å nytte slike løysingar. Elevane lærer også om IT-utvikling, regelverk og å reflektere over korleis IT påverkar samfunnsdebatten og demokratiet.
Innanfor mediefaga i vg2 handlar det om kommunikasjon og brukaropplevingar i eit breitt fagfelt i stadig endring. Ved å delta i kreative prosessar frå idé til ferdig produkt skal elevane få forståing av korleis media har påverknadskraft på individ og samfunn. vg2 medieproduksjon gir elevane kompetanse innanfor innhaldsproduksjon, design og tekniske løysingar.
vg2 informasjonsteknologi, vg3 IT-utviklerfaget og vg3 IT-driftsfaget erstattar tidlegare IKT-servicefag.
vg2 informasjonsteknologi gir elevane meir relevant IT-opplæring, og skal slik gjere elevane kvalifiserte for dei to nye lærefaga som er meir spesialiserte innan IT-utvikling og drift/brukarstøtte enn tidlegare vg3 IKT-servicefag.Den tidlegare ordninga med kryssløp frå alle vg1 tilvg2 IKT-servicefag har vi avvikla på bakgrunn av at det nye vg2 informasjonsteknologi stiller andre kompetansekrav.
Dei nye læreplanane i vg3 skal vidare leggje til rette for ein god progresjon frå vg2. Desse læreplanane gjeld for tida som lærling og opplæring i bedrift. Det inneber at læreplanane har eit innhald som er meir spesialisert og som legg til rette for at lærlingane kan tileigne seg relevante metodar og arbeidsmåtar.
Innanfor programområde for informasjonsteknologi er det to nye lærefag: IT-driftsfaget og IT-utviklerfaget.
IT-driftsfaget er ei vidareutvikling av IKT-servicefag og handlar om å drifte stabile, sikre og effektive IT-tenester som mogleggjer verdiskaping og utvikling av verksemder. Elevane skal også lære ferdigheiter i brukarstøtte for å fremme effektiviteten og konkurranseevna i verksemda.
Vg3 IT-utviklerfaget handlar om å utvikle, designe og integrere fleksible teknologiske løysingar som er etterspurt i bransjen og i samfunnet. IT-utviklerfaget er eit heilt nytt fagbrev som skal bidra til å svare ut ein stor etterspurnad etter fagarbeidarar med denne kompetansen.
Innanfor programområde for medieproduksjon er det tre lærefag:
- Innhaldsproduksjonsfaget. Faget handlar om å kommunisere og utforme innhald i ein digital kvardag og i eit digitalt samfunn der teknologi skaper nye måtar å kommunisere og samhandle på. Faget gir lærlingane brei kompetanse innanfor ulike former for innhaldsproduksjon, til dømes foto, video, tekst og grafikk.
- Mediedesignfaget er ei vidareutvikling av mediegrafikarfaget, og tar for seg visuell kommunikasjon, design og produksjon av medierelaterte produkt, tenester og brukaropplevingar i digitale og fysiske rom.
- Medieteknikkfaget handlar om å handtere og distribuere audiovisuelt innhald ved å lage velfungerande og profesjonelle produksjonar og installasjonar innanfor film, tv, konferansar og kulturarrangement.
Informasjonsteknologi og medieproduksjon er eit nytt utdanningsprogram, og del av ny tilbodsstruktur. Vg2 informasjonsteknologi, Vg3 IT-utviklerfaget og vg3 IT-driftsfaget erstattar tidlegare IKT-servicefag. Vg3 IT-utviklerfaget og vg3 IT-driftsfaget er meir spesialiserte innan IT-utvikling og drift/brukarstøtte enn tidlegare vg3 IKT-servicefag.
Vg3 innhaldsproduksjonsfaget er ei vidareutvikling av det tidlegare vg3 fotograffaget. Vg3 innhaldsproduksjonsfaget er eit breiare fag der fotokompetanse inngår som ein av fleire kompetansar innan innhaldsproduksjon.
Vg3 mediedesignfaget erstattar tidlegare vg3 mediegrafikarfaget. Det nye faget er tydelegare retta mot visuell kommunikasjon, design og produksjon i digitale og fysiske rom.
Vg3 medieteknikkfaget er ei vidareutvikling av det tidlegare vg3 film- og videoteknikk. Det nye faget har eit breiare innhald som omfattar medieteknikk mot arrangement og scene, i tillegg til film og tv-produksjon.