Kva er nytt i kunst, design og arkitektur?
Elevane skal forstå korleis visuell og materiell kunst og kultur pregar omgivnadene våre og måtar vi lever og samhandlar på.
Felles programfag
Utdanningsprogrammet kunst, design og arkitektur fekk nye læreplanar i 2016, og får nå eit meir konsist og oppdatert innhald. Programfaga kunst og visuelle verkemiddel og design og arkitektur har blitt tilpassa ny overordna del, fått færre kompetansemål og ein tydelegare progresjon for å sikre djupnelæring.
Programfaga handlar om å forstå korleis visuell og materiell kunst og kultur pregar omgivnadene våre og måtar vi lever og samhandlar på. Faga skal utvikle interessa for å skape kunstnariske og visuelle uttrykk, og for å designe og løyse utfordringar knytt til produkt, tenester og fysiske omgivnader. Elevane får utvikle utforskartrong, evne til å tenke nytt, og uttrykke seg åleine og saman med andre.
Programfaga forbereder elevane på eit kvardags- og arbeidsliv i rask digital og teknologisk utvikling, med auka behov for visuell kompetanse, evne til praktisk problemløysing og kritisk tenking.
Dei tverrfaglege tema har vore ein naturlig del av programfaga, og dette innhaldet har gjennomgåande blitt styrka og synleggjort. Det samiske innhaldet og betydinga av kulturelt og sosialt mangfald har òg blitt løfta fram.
Praktisk arbeid med ulike teknikkar, materiale og medium, og at elevane får omsette idear til eigne visuelle ytringar, innovative og berekraftige løysingar, kan skape engasjement og bidra til aktiv deltaking i kultur, samfunn og arbeidsliv.
Valfrie programfag
Dei valfrie programfaga skal vere praktiske og skapande, og elevane skal utvikle kompetanse til å uttrykke og formidle eigne tankar, idear og uttrykk. Elevane skal analysere, reflektere og lære å setje seg inn i eigne og andre sine behov, finna kreative løysingar og gjere funksjonelle og estetiske val. Faget skal setje søkelys på globale og lokale utfordringar knytt til teknologi, demokrati, helse og berekraft, og oppmuntra elevane til miljøsamvit og samfunnsengasjement.
Gjennom arbeid i faga skal elevane bli oppmuntra til å arbeide problemløysande, sjølvstendig og samarbeidande. Dei skal gjennom utforsking, eksperimentering, skapande arbeid og kjennskap til eigen og andre sin kultur, sjå moglegheiter for aktiv deltaking i kultur-, samfunns- og arbeidsliv. Faga skal førebu elevane til vidare studie, og eit samfunns- og arbeidsliv i endring. Dei tverrfaglege tema har vore ein naturleg del av faga, og dette innhaldet har gjennomgåande blitt styrka og synleggjort. Det samiske innhaldet og betydinga av kulturelt og sosialt mangfald har òg blitt løfta fram.
Felles for faga er at dei skapande og praktiske prosessane tar tid. Dei nye læreplanane er utvikla for å gi elevane tid til å arbeide med eigne uttrykk, forståing og kritisk tenkning. Vidare har vi fokusert på å sikre praktisk skapande arbeid, oppdatera dei nye planane til dei nye føringane for læreplanar og oppdatert ny fagleg kunnskap.
Faget samisk visuell kultur rettar seg mot elevar som ønsker å jobbe kreativt med duodji/duodje/duedtie og samiske kunstuttrykk. Faget skal gi elevane reiskap til å forstå korleis duodji/duodje/duedtie og kunstuttrykk fremmar samisk kulturarv. Læreplanen blir forankra i samiske verdiar, språk, kultur og samfunnsliv.