Kort om matematikk
Elevane skal bli gode problemløysarar og forstå korleis matematikk heng tett saman med andre fag.
I læreplanen er det lagt vekt på at elevane skal bli gode problemløysarar og oppdage samanhengar i og mellom kunnskapsområda i faget og kunnskapsområda i andre fag. Det er desse samanhengane som legg til rette for djupnelæring og forståing i faget. Faget legger og til rette for at elevane skal utforske matematikken og kommunisere om han. Læreplanane knyt seg tett til kvardagen til elevane og skal førebu dei på eit samfunn og arbeidsliv i stadig endring.
I læreplanen er det kompetansemål etter kvart trinn fordi det blir tydelegare kva elevane skal lære når. Læreplanen sørgjer for at det blir færre emne per trinn slik at alle elevar får tid og høve til å lære seg desse godt.
I læreplanen er algoritmisk tenking beskriven i kjerneelementet utforsking og problemløysing fordi dette er ein viktig problemløysingsstrategi. Når elevane bruker programmering til å utforske og løyse problem, kan det vere eit godt verktøy for å utvikle matematisk forståing. Kompetansemåla må lesast og jobbast med i lys av tekstane i om faget. Eit tips kan vere å slå på koplingar for å sjå forslag til samanhengar i læreplanen.
Filmen gjer greie for korleis læreplanen er utvikla og bygd opp.
Eksempel fra praksis
I denne filmen ser du lærer Ingeborg Sletta fra Rauma videregående skole fortelle hvordan hun jobber med helhet og sammenheng i matematikk. (Filmen er hentet fra oppgave 7.1.3 i en kompetansepakke om innføring av nytt læreplanverk.)