Sluttvurdering i historie

Informasjonen gjeld sluttvurdering i historie på studieførebuande utdanningsprogram etter vg3. 

Grunnlaget for sluttvurdering er kompetansemåla i læreplanane. Kompetansemåla skal bli forstått i lys av teksten om faget. Alle kompetansemål spring ut av kjerneelementa, som er med på å gjere tydeleg kva som utgjer den samla kompetansen i faget. 

Læreplanane i historie på studieførebuande utdanningsprogram har kompetansemål etter vg2 og vg3. Ei rekkje kunnskapselement frå kompetansemåla på vg2 er ikkje gjentekne på vg3, men utgjer likevel ein viktig del av grunnlaget for kompetansen som er beskriven på vg3. I læreplanane for vg3 påbygg er kompetansemåla for vg2 og vg3 samla i eitt trinn.

For elevar på vg3 er det kompetansemåla etter vg3 som skal utgjere hovudgrunnlaget for standpunktvurderinga. For å nå kompetansemåla etter vg3 byggjer elevane vidare på kompetanse dei har utvikla på tidlegare trinn. Det er derfor rom for å trekkje inn kompetanse eleven viser som er knytt til enkelte kompetansemål frå vg2, viss læraren vurderer det som relevant for å få eit meir heilskapleg bilete av den samla kompetansen til eleven. 

På vg3 påbygg skal den kompetansen elevane viser ved avslutninga av opplæringa utgjere hovudgrunnlaget for standpunktvurderinga.

Grunnlaget for standpunktvurdering

Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetanse på fleire og varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking.

Standpunktkarakteren skal aldri vere eit karaktergjennomsnitt basert på vurderingane som er gitt gjennom opplæringa, men viss læraren ut frå ei fagleg vurdering ser at eleven har vist kompetanse undervegs som er relevant for å vurdere den samla kompetansen ved slutten av opplæringa, kan det bli inkludert i standpunktvurderinga.

Grunnlaget for munnleg eksamen

Eksamensoppgåvene blir i hovudsak utvikla med utgangspunkt i kompetansemåla etter vg3. Enkelte oppgåver kan også omfatte kompetansemål etter vg2, for at eleven skal få vist kompetansen sin i så stor del av faget som mogleg og sjå kunnskapselement frå vg2 og vg3 i samanheng.

Sjå Læreplan i historie (vg3 studieførebuande)

Sjå Læreplan i historie, samisk (vg3 studieførebuande)