Læreplanar i LK20 på bokmål og nynorsk

Læreplanane i LK20 er fastsette som forskrift til opplæringslova på enten bokmål eller nynorsk. Fleire læreplanar er likevel tilgjengelege på fleire språk, men dei fleste er berre tilgjengeleg på språket dei er fastsette på. 

Vi mottek jamleg spørsmål om læreplanar kan omsettast til fleire språk og vi vurderer desse spørsmåla jamleg. I lista kan du sjå kva læreplanar som er tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk.

Grunnskolen

  • Alle læreplanar for fag i grunnskolen, sett bort frå parallelle likeverdige læreplanar
  • Alle læreplanar for fellesfaga for vidaregåande opplæring 

Yrkesfaglege utdanningsprogram

  • Alle læreplanar for vg1
  • Dei ti læreplanane for programfag som har flest elevar på vg2
  • Dei ti læreplanane for programfag som har flest vaksne deltakarar på vg3
  • Alle modulstrukturerte læreplanar (klar før juni 2025) 

Studieførebuande utdanningsprogram

  • Alle læreplanane for felles programfag (klar før juni 2025)
  • Alle fag med fleire enn 3000 elevar (klar før juni 2025) 

Kva krav ligg i språklova?

Offentlege organ har eit ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk, og eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket (språklova § 1).

Språklova set krav om at korkje bokmål eller nynorsk skal vere representert med mindre enn 25 prosent (språklova § 13). Læreplanane er fastsett som forskrift til opplæringslova på enten bokmål eller nynorsk og er omfatta av kravet om veksling mellom bokmål og nynorsk. Dette er årsaka til at nokre læreplanar er fastsette på bokmål og andre er fastsette på nynorsk (§ 13 i språklova).

Språklova § 14 krev at «Statsorgan skal gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på både bokmål og nynorsk samtidig.» Dette omtalast som «parallellitetskravet». Språkrådet har greia ut spørsmålet om læreplanar er omfatta av parallellitetskravet og har konkludert med at parallellitetskravet ikkje gjeld for læreplanane. Årsaka er at læreplanane ikkje er meint til bruk i opplæringa med elevane, men som styringsdokument for skolar.