Generell del av læreplanen (UTGÅTT)
Det allmenndanna mennesket
Opplæringa skal gi god allmenndanning. Det er ein føresetnad for heilskapleg personleg utvikling og mangfaldige mellommenneskelege band. Og det er ein føresetnad for å kunne velje utdanning og seinare skjøtte arbeid med kompetanse, ansvar og omhug.
God allmenndanning vil seie tileigning av
- konkret kunnskap om menneske, samfunn og natur som kan gi overblikk og perspektiv
- kunnskap og modnad til å møte livet - praktisk, sosialt og personleg
- eigenskapar og verdiar som lettar samvirket mellom menneske og gjer det rikt og spennande for dei å leve samen
Opplæringa må gi overblikk over korleis prosessar på eit felt slår over på andre - som når produksjon verkar tilbake på natur og miljø. Menneske kan utløyse krefter dei ikkje kontrollerer, eller valde verknader dei ikkje overskodar.
Dette gjer det klart at den kunnskap vi nyttar, ofte er utilstrekkeleg, og understrekar behovet for meir heilskapleg innsikt. Men tverrfagleg samarbeid krev fagleg soliditet om det ikkje skal bli overflatisk og useriøst.
Konkret kunnskap og heilskaplege referanserammer
I opplæringa må kunnskap alltid utgjere eit gjennomtenkt utval som blir presentert med progresjon, slik at det gir oversyn og skaper samanheng. Konkret kunnskap er nødvendig for læring, og undervisningsopplegget må derfor peike ut det elevane må bli fortrulege med, i kva for rekkjefølgje og på kva for steg.
Erfaring og forsking viser at di mindre ein har med seg av førehandskunnskapar som ein kan knyte ny kunnskap til, di langsamare og mindre overkommeleg blir lærlinga. Særleg viktig er dei grunnleggjande referanserammene i dei ulike faga. Desse er avgjerande både for å tolke ny informasjon og for å styre leitinga etter nye fakta. Vantar referanserammene som kan gi flaumen av inntrykk og delkunnskapar meining, blir det heile lett berre flimmer.
Ordnande kunnskap må til for å lære å lære - for å bruke det ein veit til å få grep på det ein ikkje kan. Det er heilskaplege rammer som gir mønster for nye bitar som skal føyast til mosaikken. For å få overblikk og samanheng er det derfor også viktig å planleggje og samarbeide om undervisninga på tvers av fag, slik at den gjensidige faglege relevansen trer fram og det utviklar seg ei meir heilskapleg forståing.
Felles forståing i eit spesialisert samfunn
Det er ein sentral opplysningstanke at slike referanserammer for forståing og fortolking må vere felles for folket - må vere ein del av den allmenne danninga - om det ikkje skal oppstå kompetanseforskjellar som kan slå over både i udemokratisk manipulasjon og i sosiale ulikskapar. Det er derfor viktig at alle grupper får del i desse referanserammene og den nye teknologiske kunnskapen, slik at det ikkje blir skapt store skilnader i føresetnadene for deltaking. Og det er viktig at formidlinga skjer slik at ho ikkje styrkjer tradisjonelle kjønnsskilje ved at jenter blir oppseda til at "kvinner ikkje forstår" naturvitskap og teknikk.
Dei som ikkje har del i bakgrunnsinformasjon som blir teken for gitt i den offentlege debatten, vil ofte vere ute av stand til å fatte poenget eller gripe samanhengen. Nykommarar i eit land, som ikkje deler dei felles referanserammene, blir ofte outsiderar fordi andre ikkje kan ta for gitt det dei veit og kan - dei treng stadig ekstra forklaringar.
Slike plattformer for forståing spenner over historiske hendingar ("9. april"), maktfordelingsprinsippet i Grunnlova, klassikarane i litteraturen ("Lille Marius"), kulturelt fellesgods ("kamelen og nålauget"), teikna på verkartet osv. Sit ein ikkje inne med dei felles formene for forståing som gjer det lett å tolke og formidle - og dermed kommunisere smidig - kan ein lett bli framandgjord i eige land.
Utan overgripande referanserammer blir det vanskelegare for vanlege samfunnsmedlemmer - ikkje-spesialistar - å ta del i avgjerder som grip djupt inn i deira liv. Di meir spesialisert og teknisk kulturen vår blir, di vanskelegare blir det å kommunisere på tvers av faggrenser. Sams bakgrunnskunnskap er derfor kjernen i eit nasjonalt nettverk for kommunikasjon mellom medlemmene i eit demokratisk fellesskap. Det er felles referanserammer som gjer det mogleg å knyte det ein ser, les eller hører til eit sams, underforstått tenkjesett. Dei gjer det mogleg å gripe komplekse bodskapar og å tolke nye idear, situasjonar og utfordringar. Opplæringa har ei hovudrolle i å formidle denne felles bakgrunnsinformasjonen - den danninga alle må vere fortrulege med om samfunnet skal bli verande demokratisk og samfunnsmedlemmene myndige.
Opplæringa må derfor gi godt høve til samanhengande oppbygging av kunnskapar, dugleikar og haldningar.
Internasjonalisering og tradisjonskunnskap
Straumane mellom nasjonane - av tankar og teknologi, av pengar og produkt, av utstyr, materiell og maskinar - er blitt stadig meir omfattande, sterke og uavvendelege. Vår natur blir ramma av ureining frå andre land, vårt arbeidsliv er underkasta konkurransen på verdsmarknaden, moderne massemedia formidlar eit trykk av nyhende og opplevingar som råkar alle på same tid.
Det stiller fleire krav til opplæringa: Å sameine teknisk snille med menneskeleg innsikt, å utvikle ein arbeidsstyrke som er høgt kvalifisert og endringsdyktig, og å sameine internasjonal orientering med nasjonal eigenart.
Eit forskingsbasert samfunn risikerer å bli stadig meir teknologidrive. Straumen av teknologiske funn og fakta krev brei kunnskap om ein skal unngå "vitskapleg analfabetisme" vantande evne til å skjønne kva ord som "genspleising", "ozonlag" eller "immunforsvar" tyder, eller kva sosiale konsekvensar dei inneber.
Det blir ustanseleg bygt nettverk av kunnskap som bind organisasjonar og bedrifter, land og kontinent saman. Noregs evne til å gjere seg gjeldande og komme med i dei for å utvikle velferd og bevare miljø, avheng av dei bidrag landet kan yte internasjonalt. Det krev også god kunnskap om andre lands kultur og språk.
Den internasjonale kunnskapskulturen knyter menneska saman gjennom utvikling og bruk av ny innsikt for å betre levekåra. Dei vaksne som lever og dei unge som veks opp i dag, må få vidsyn og innsyn som rustar dei til å medverke til slikt sams strev - og særleg det som kan hjelpe verdas fattige folk. Kunnskap om samanhengane i naturen og samfunnet er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg; omsorg for andre og for det felles livsmiljøet er også nødvendig.
På den andre sida krev den auka spesialiseringa og kompleksiteten i verdssamfunnet at vi er fortrulege med hovudstraumane og felleselementa i vår norske kultur. Kunnskapsveksten krev sterkare medvit om dei verdiane som må rettleie våre val.
Og når omstillingane er store og endringane raske, blir det meir maktpåliggjande å markere historisk forankring, nasjonal eigennart og lokal variasjon for å feste identiteten - for å ta vare på miljø med breidd og styrke.
God allmenndanning skal medverke til nasjonal identitet og solidaritet, ved å gi eit felles preg forankra i språk, tradisjon og lærdom på tvers av lokalsamfunn. Da blir det også lettare for elevar som flytter å finne feste på nytt, sidan flytting blir eit skifte innanfor eit kjent fellesskap. Banda mellom generasjonane blir sterkare når dei deler erfaringar og innsikt - eller opplevingar, songar og segner. Nykommarar blir lettare innlemma i vårt samfunn når vi gjer underforståtte trekk i vår kultur tydelege for dei.
Kjennskap til hendingar og ytingar i fortida knyter menneska saman over tid. Historisk kunnskap utvidar også erfaringane for å setje mål og velje middel i framtida. Å vere fortruleg med det menneske har følt, tenkt og trudd, utvidar rommet for innsikt og handling, og minner om at dagens tilhøve vil endre seg.
Opplæringa skal derfor gi kunnskapar som er allsidige og fullstendige. Ho skal vise korleis det vi erkjenner, har grodd fram gjennom eit langt skaparverk, som spenner over mange generasjonar og har kryssa mange grenser. Slik opplæring gir respekt og vørdnad for det menneske før oss har utretta, og let oss plassere oss sjølve i ei historisk utvikling.
Kort sagt: God allmenndanning viser korleis utviklinga av dugleik, innsikt og kunnskap er noko av det mest fantastiske menneske har lært å gjere saman - historisk og globalt. Ho styrkjer evner og haldningar som gir samfunnet rikare sjansar til vokster i framtida.