Generell del av læreplanen (UTGÅTT)
Det integrerte mennesket
Opplæringa har ei rad tilsynelatande motstridande formål:
- å målbere det moralske fellesgodset og omtanken for andre i vår kultur - og gi evne til å stikke eigen kurs.
- å gjere fortruleg med vår kristne og humanistiske arv - og gi kjennskap til og respekt for andre religionar og livssyn.
- å bryte med sjølvdyrking og tru på den sterkaste sin rett - og gi styrke til å stå aleine, gå på tvers og ikke leggje seg flat eller bøye av for andres meiningar.
- å utvikle sjølvstendige og uavhengie personlegdommar - og evne til å verke og arbeide i lag.
- å framelske særpreget hos den einskilde, dei forskjellar som gjer kvart individ til eit fond for andre - og å formidle dei felles kunnskapar og dugleikar som gjer at vi kan fungere lett med andre og saman medverke til at samfunnet veks.
- å gi rom for barns kultur og unges stil - og ruste dei til å gå inn og ta ansvar i vaksenverda.
- å gi praktisk dugleik for arbeid, yrke og livsens konkrete oppgåver - og by romslege vokstervilkår for karakter og kjensleliv.
- å kjenne og pleie nasjonal arv og lokale tradisjonar for å bevare eigenart og særdrag - og ope møte andre kulturar for å kunne gledast av mangfaldet i menneskelege ytringsfor mer og lære av kontrastar.
- å gi kunnskap om menneska si konfliktfylte soge og om landevinningane i fortida - og om kriser og voner i samtida.
- å skape medvit om korleis vår tid og vår kvardag er bestemt av tidlegare generasjonars val - og om dei føringar vi legg for kommande generasjonar.
- å gi fakta nok til å fatte og følgje den løpende samfunnsdebatt - og formidle verdier som kan rettleie i dei val som ny kunnskap opnar for.
- å gi sterke opplevingar ved dei fremste menneskelge ytingar slik vi kjenner dei frå litteratur og kunst, frå arbeid, handling og forsking - og gi kvar einskild sjansen til å oppdage og utvikle dei kimar som ligg i eigne givnader.
- å skape respekt for kjensgjerningar og sakleg argumentasjon - og øve opp kritisk sans til å gå laus på gjengs tenking, innarbeidde førestellingar og eksisterande ordningar.
- å skape respekt for andres innsats og audmykt for andres bragder - og tru nok på seg sjølv til å våge å mislukkast.
- å opne sansane for dei mønster som har festna seg som tradisjonar, i alt frå musikk til bygjekunst - og fantasi til å tenkje nytt og evne til å bryte opp.
- å tilføre dei unge eit solid kunnskapsfond - og forme dei slik at det både gir trong til ny innsikt og evne til lett å tileigne seg ny kunnskap gjennom heile livet.
- å lære elevane å bruke naturen og naturkreftene for menneskelege formål - og lære dei å verne miljøet mot menneskeleg dårskap og overgrep.
Opplæringa må balansere desse doble formåla. Oppgåva er allsidig utvikling av evner og eigenart: til å handle moralsk, til å skape og verke, til å arbeide saman og i harmoni med naturen.
Opplæringa skal medverke til ei karakterdanning som gir den einskilde kraft til å ta hand om eige liv, pliktkjensle for samfunnslivet og omsorg for livsmiljøet.
Når auka kunnskap gir større makt, må det leggjast meir vekt på det ansvaret som denne makta gir. Val må byggjast på kunnskap om konsekvensar og samanhengar, men også rettleiast ved å bli prøvde mot verdiar. Ei tydeleg hovudlinje i oppfostringa må vere å sameine auka innsikt, kunnskap og dugleik med sosiale krav, etisk orienteringsevne og estetisk sans. Dei unge må integrerast både personleg og i samfunnslivet på ein moralsk samanfelt måte. Opplæringa skal fremje moralsk og kritisk ansvar for det samfunn og den verd dei lever i.
Sluttmålet for opplæringa er å eggje den einskilde til å realisere seg sjølv på måtar som kjem fellesskapet til gode - å fostre til menneskelegdom for eit samfunn i utvikling.