Ordinær søknadsfrist til vidaregåande opplæring er 1. mars. Elevar med individuelle behov skal søke innan 1. februar. Dette gjeld mellom anna elevar med vedtak om særskild språkopplæring og ungdom som nyleg har komme til Noreg.

Ungdom som nyleg har komme til Noreg kan ha ekstra behov for informasjon og rettleiing om søknadsprosessen. Dette gjeld særleg ungdom som ikkje er i eit opplæringstilbod på søknadstidspunktet. Det er viktig at tenestene som er i kontakt med dei nykomne hjelper til med å formidle informasjon til ungdommane.

Nokre ungdom i målgruppa for vidaregåande opplæring vil komme til Noreg etter søknadsfristen. Det er viktig at kommunen set dei i kontakt med inntakskontoret i fylkeskommunen så raskt som mogleg. Fylkeskommunane skal så langt som mogleg ta omsyn til søknader som kjem etter søknadsfristen.

Sende søknad

Ungdom søker normalt inntak til vidaregåande opplæring gjennom søknadsportalen VIGO. Søkjaren må ha elektronisk identifikasjon, som til dømes MinID.

Nokre fylkeskommunar tek imot søknad på papirskjema. Kontakt inntakskontoret i fylkeskommunen ved spørsmål om søknaden.

Søknad, svar og reglar (vilbli.no)

Retten til vidaregåande opplæring

Ungdom som har fullført norsk grunnskule eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Det er ingen krav til at elevane må kunne norsk for å få vidaregåande opplæring.

Les meir om rettar til vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege elevar