Korleis kan eg vere med og skape eit godt miljø i klassen?
Her er nokre tips til det du kan gjere for at det skal vere trygt og hyggeleg for alle å gå i klassen og på skolen.
- Ver hyggeleg mot alle. Du treng ikkje vere venn med alle, men vis respekt og ver blid og hyggeleg.
- Dersom du ser nokon som er åleine, spør om han eller ho vil vere med på praten eller på leiken.
- Bli kjende. Foreslå til dømes klassekveldar, kinoturar og liknande.
- Spør læraren om å få bruke tid til "bli kjend"-leikar og andre aktivitetar de kan gjere saman.
- Når de har gruppearbeid, nytt sjansen til å bli kjend med nokon du ikkje er saman med til vanleg.
- Dersom du skal feire bursdagen din er det lurt å invitere heile klassen.
- Gi alle ein sjanse.
Elevrådet og skolemiljøutvalet
Du kan vere med og gi råd til skolen gjennom elevrådet og skolemiljøutvalet. Elevrådet skal mellom anna jobbe for å skape eit godt miljø på skolen der alle har det bra. Skolemiljøutvalet skal gi råd til skolen i arbeidet med skolemiljøet. Alle skolar skal ha eit elevråd og eit skolemiljøutval.
Ta kontakt med skolen din dersom du vil engasjere deg!