Nynorsk som sidemål
Norsk språk omfattar dei to likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk. Begge skriftspråka skal kunne brukast i alle delar av samfunnet, og i opplæringa skal elevane bli fortrulege med det norske språkmangfaldet. I norskfaget skal elevane lære å uttrykke seg skriftleg med stadig større tryggleik både i hovudmålet og i sidemålet sitt. For fleirtalet av elevane er det nynorsk som er skriftleg sidemål.
Kompetansemåla i norsk frå 2. trinn og framover viser at alle elevar skal bli godt kjende med nynorsk gjennom lytting, lesing og refleksjon. Frå trinn 3 skal elevane utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmålet og sidemålet, og frå trinn 5 skal dei prøve å skrive tekstar på sidemålet sitt. På ungdomstrinnet og på studieførebuande program i vidaregåande opplæring er det same kompetansemål for skriving på begge skriftspråka.
I halvårsvurderingane på 8. og 9. trinn og i Vg1 og Vg2 studieførebuande program skal elevane få ein felles karakter i norsk skriftleg som uttrykkjer kompetansen dei viser både i sidemål og hovudmål. Dette betyr ikkje at elevane skal lære mindre sidemål enn tidlegare. Formålet med endringa er å legge til rette for ei heilskapleg skriveopplæring. Du kan lese meir om vurdering i sidemål i tekstane om vurdering i læreplanen og på nettsidene om vurdering for læring.
Det finst mange digitale ressursar for både grunnskolen og vidaregåande skole som gir opplæring, skrivehjelp og variert lesetrening på nynorsk. Nedst på sida "Nynorsk i opplæringa" finn du nokre sentrale nettsider.
Elevar som har fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål etter forskrift til opplæringslova § 3-22, har rett til opplæring, men dei skal berre ha karakter i hovudmålet sitt.
Elevar med rett til tospråkleg opplæring i samisk, finsk, kvensk eller norsk teiknspråk skal lese og forstå både bokmål og nynorsk, men dei skal ikkje ha opplæring i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som får særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12.