Vurdering i skriftleg sidemål
Standpunktkarakterar og eksamen
Etter 10. trinn får elevane standpunktkarakterar i skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og norsk munnleg.
Etter vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram får elevane éin felles standpunktkarakter. Dei har ikkje opplæring i skriftleg sidemål.
Fritak frå vurdering med karakter
Elevar kan søke om fritak frå vurdering med karakter i norsk sidemål dersom dei har hatt rett til særskild språkopplæring på ungdomstrinnet eller i vgo.
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole, eller dersom dei har ein sjukdom, skade eller dysfunksjon som gjer det vanskeleg å greie begge målformene. Sjå forskrift til opplæringslova §§ 3-22 og 4-15.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha undervegsvurdering utan karakter i sidemålet. Dei er ikkje fritekne frå opplæring i sidemålet, og dei skal lese både bokmål og nynorsk og vurderast ut frå dei same kompetansemåla.