Å vurdere omsynet til det beste for eleven har mykje å seie for om skolen klarar å hjelpe elevar som opplever at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, og om tiltaka skolen set inn verkar.
Barnekonvensjonen art 3. og Grunnloven § 104 seier at det beste for barna skal være eit grunnleggande omsyn i alle saker som omhandlar barn. I opplæringslova § 10-1 står det at kva som er det beste for eleven skal være eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar og avgjerder som omhandlar elevar.
Det første skolen må gjere når dei skal vurdere kva som er best for eleven, er å samle inn kunnskap om situasjonen og behova til eleven. Skolen må vite kven eleven er og kva som påverkar eleven, slik som identitet, familieforhold og eventuelle sårbarheiter. Samtidig må skolen kjenne til forsking og fagkunnskap på området.
I ei skolemiljøsak må skolen vite
- korleis eleven har det på skolen
- kva eleven har opplevd
- kva bakgrunnen for opplevinga til eleven er
- om eleven står i ein sårbar situasjon eller har utfordringar som påverkar hen
Kunnskap om til dømes eleven sin kulturelle eller språklege bakgrunn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet, om eleven har funksjonsnedsetjingar, lærevanskar, behov for oppfølging etter traume, eller av andre grunnar har behov for stabilitet, kan også ha noko å seie.
Eleven er den viktigaste kjelda til informasjon. For å få kunnskap om kva som påverkar eleven, må eleven få høve til å medverke. Samtidig har skolen ofte mykje informasjon frå før, til dømes gjennom relasjonen med eleven og kontakt med heimen.
Kjelder til informasjon som skolen må kartlegge er
- eleven sjølv
- foreldra og eventuelt andre støttepersonar rundt eleven
- andre involverte faginstansar som PPT, fastlegen eller liknande
- observasjonar i undervisning og friminutt
- generell kunnskap og forsking om elevar sitt behov, utvikling, relasjonar og liknande
Når skolen kjenner til behovet og situasjonen til eleven, må dei vurdere korleis dei kan vareta behovet til eleven på best mogleg måte. I vurderinga av kva som er elevens beste, vil oppfatninga til eleven vere sentral. Det er likevel skolen som den profesjonelle parten som skal ta stilling til kva som er det beste for eleven.
Behova og føresetnadene til eleven er utgangspunktet for korleis skolen skal vurdere kva som er til det beste for eleven. Skolen må gjere ei konkret og individuell vurdering i kvart tilfelle. Vurderingane av om tiltaka er til elevens beste må vurderast opp imot ulike moment, og ut ifrå ulike kunnskapskjelder.
Moment i ei vurdering av det beste for eleven kan vere
- eleven sitt syn
- foreldra sitt syn
- kva oppdatert forsking seier om det som er aktuelt i saka
- kva skolen har erfart at fungerer i praksis
- identiteten, karaktertrekka og eigenskapane til eleven
- familiemiljø og nære relasjonar
- eleven sin rett til vern, omsorg og tryggleik
- sårbarheita til eleven
- den fysiske og psykiske helsa til eleven
- retten eleven har til utdanning
Alle momenta er relevante, men i større eller mindre grad ut ifrå den konkrete situasjonen for eleven. Andre moment enn dei som er skildra her, kan også vere relevante. Momenta gjeld generelt for alle saker som gjeld barn og unge, ikkje berre skolemiljøsaker.
Vekte dei ulike momenta
Skolen må vekte momenta opp mot kvarandre for å finne kva som er til det beste for eleven og kva tiltak som blir sette inn. Til slutt må skolen kunne vise kva dei har lagt vekt på i vurderinga og vektinga, og korleis dei har kome fram til kva som er det beste for eleven.
Kor stor vekt skal skolen leggje på synet til eleven?
Synspunkta til eleven skal tilleggjast behørig vekt i samsvar med barnets alder og modenhet.
Ulike moment i vurderinga av kor stor vekt skolen skal leggje på synet til eleven kan vere
- alderen og modenskapen til eleven
- kor sterkt ønske eleven har
- om dette er eit ønske eleven har halde fast ved over lengre tid
- kva type spørsmål det gjeld
- om eleven har forståing for konsekvensane av ønsket sitt
- styrken av dei momenta som eventuelt talar mot å ta omsyn til synet til eleven
Korleis skolen vurderer kva som er til det beste for eleven, samsvarar ikkje nødvendigvis med kva eleven sjølv eller foreldra ønskjer. Skolen må gjere ei sjølvstendig vurdering basert på fagleg kompetanse av kva for tiltak som er til det beste for den enkelte eleven.
Vurderinga av det beste for eleven skal bidra til at skolen fastset tiltak som sikrar at eleven får oppfylt retten sin til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Vekte omsynet til det beste for eleven opp mot andre omsyn
Når skolen har komme fram til kva for tiltak som er til det beste for eleven, må dei vurdere dette opp mot eventuelle andre omsyn i saka. Omsynet til det beste for eleven er eit grunnleggjande omsyn og ein svært viktig faktor, men ikkje den einaste faktoren.
Interessene til enkeltelevar i ei sak må vegast opp mot kvarandre
Dersom det er fleire elevar involverte i ei sak, skal skolen vurdere det beste for elevane enkeltvis. Dei ulike interessene til elevane kan stå i motsetning til kvarandre. Skolen må forsøkje å finne den løysinga som best tar vare på retten til eit trygt og godt skolemiljø for alle elevane.
Om det er motstrid mellom omsyna, må skolen avgjere kva for omsyn dei skal tilleggje mest vekt. Det skal prøvast å finne løysingar som varetak alle. Det viktigaste er at skolen fastset tiltak som sørgjer for at mobbinga eller andre krenkingar stoppar, og at skolen tar vare på både den eller dei som har blitt mobba eller krenka, og dei elevane som krenkar eller mobbar.
Alle elevar har rett til å bli høyrd i sakar som omhandlar dei. Det følgjer av barnekonvensjonen art.12, Grunnloven § 104 og opplæringslova § 10-2. Dette gjeld uavhengig av alder og føresetnader. Skolen skal vurdere omsynet til elevens beste i alle delane av aktvitetsplikta. For å finne kva som er til det beste for eleven, må de undersøkje saka, og la eleven få uttale seg om si eiga oppleving av og syn på saka.
Skolen må sørgje for at elevane
- får informasjon om prosessen
- blir inviterte til å skildre situasjonen slik dei opplever ho
- får gje uttrykk for sine meiningar, sin vilje og sine ønske
Inga plikt til å uttale seg
Sjølv om elevane har ein rett til å bli høyrde, har dei inga plikt til å uttale seg. Elevane må ikkje nødvendigvis ha meiningar om løysinga av saka for å kunne uttale seg. Det kan vere han eller ho berre meiner noko om somme sider av saka. Det er ikkje eit krav at foreldra samtykkjer når skolar høyrer elevar i skolemiljøsaker.
Alle involverte elevar skal verte høyrde
Skolen skal sørgje for at alle involverte elevar vert høyrde. Det vil seie at de skal høyre både den eleven som ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, og andre elevar som er direkte involverte i saka. Kva for elevar de skal prate med og korleis, vil avhenge av dei enkelte sakene.
Ein må høyre eleven for å kunne vurdere kva som er best for hen
Å høyre eleven handlar om å få fram kva hen meiner om saka. Ein kan ikkje vurdere kva som er best for eleven utan å høyre eleven. Undersøkingane, vurderinga og vektinga av kva som er best for eleven skal gi grunnlag for korleis skolen jobbar videre, og kva tiltak dei set inn for å rette opp situasjonen.