Krig og konflikt: Ta vare på eit godt barnehage- og skolemiljø
Alle barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skolen. Krigar og konfliktar kan skape utfordringar for miljøet i barnehage, skole og SFO. Personalet må vere ekstra merksame på korleis barn og unge kan reagere.
Barn og unge med tilknyting til land eller område i krig vil ofte vere sterkt ramma av det som skjer. Dei kan til dømes oppleve å miste, eller vere redde for å miste, venner og familie.
Barn har aldri ansvaret
Vi veit at nokre barn og unge med tilknyting til enkelte land eller grupper opplever hets i barnehagen og på skolen på grunn av ein krig eller ein konflikt.
Det er viktig at dei tilsette i barnehage, skole og SFO understrekar at det er politikarane som har ansvaret, og ikkje barn eller vaksne som opphavleg kjem frå eit land eller ei gruppe som er involvert i ein krig eller ein konflikt.
Trygg kvardag
Alle barn og unge skal oppleve å bli sett, forstått og respektert, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Dette er heilt uavhengig av kvar barnet eller foreldra opphavleg kjem frå. Det er viktig at barn og unge møter den same trygge, gode og føreseielege kvardagen.
For at barn og unge skal ha det trygt og godt er det viktig at dei tilsette
- er ekstra merksame på korleis barn og unge har det
- møter uønskt oppførsel, som krenkingar og hets, på ein måte som bidreg til refleksjon, innsikt og godt miljø for alle
- er klar over barn eller unge som kan trenge meir støtte enn andre, og samarbeider med hjelpetenester der det er behov
- har god dialog med foreldra, særleg dei som er direkte ramma av krig og konflikt
- set av god tid til å snakke med barn og unge om det som skjer, særleg når dei sjølv tek initiativ til det
- er merksame på at digitale hendingar og inntrykk kan gjere barna ekstra sårbare
- legg til rette for felles opplevingar og aktivitetar som kan skape tilhøyrsle, fellesskap og vennskap
Snakke med barn og unge om krig og konflikt
Her er nokre råd om korleis de kan snakke med barn og unge om vanskelege hendingar. Vanskelege hendingar kan vere både noko barnet opplever sjølv og kriser i samfunnet, som terror og krig.
Korleis snakke med barn og unge om krig og frykt
Støtte til læreplanane
Her finn du døme på tverrfaglege tema, kjerneelement og kompetansemål i læreplanane, som kan vere utgangspunkt for å ta opp tema knytt til krig og konflikt.