Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Barn og elevar som ikkje kan kommunisere ved hjelp av tale, har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
De som jobbar i barnehagar og skular, bør ha kunnskapar om og ferdigheiter i bruk av ASK. De må òg anerkjenne at å snakke med ASK er like viktig og like verdifullt som å uttrykkje seg med tale.
Når de jobbar med ASK, bidreg de til at barnet utviklar eit funksjonelt språk for livet.
Alternativ og supplerande kommunikasjon er å kommunisere ansikt til ansikt på andre måtar enn med tale. ASK kan vere
- ei erstatning for tale
- støtte til å utvikle tale
- eit supplement til låg eller utydeleg tale
ASK er barnet og eleven sitt språk, og deira måte å uttrykkje seg på.
Det er ulike årsaker til at barn og elevar har behov for ASK. Kva kommunikative, språklege, motoriske og kognitive ferdigheiter dei har, varierer veldig.
I dag reknar vi med at det er mellom 500 og 600 barn og elevar med behov for ASK i kvart alderskull.
Tre kommunikasjonsformer
ASK blir delt inn i tre kommunikasjonsformer.
Partnarfortolka kommunikasjon er når kommunikasjonspartnaren må tolke og svare på barna eller elevane sine kroppslege uttrykk i her-og-no-situasjonar.
Ikkje-hjelpt kommunikasjon er når barna eller elevane lagar ord sjølve gjennom bevisst bruk av lydar eller ved hjelp av eigen kropp. Dei kan til dømes bruke ja- og nei-lyd bevisst, og dei kan gjere gestar og handteikn eller peike på ulike måtar.
Hjelpt kommunikasjon er når barna eller elevane har orda tilgjengelege i ei fysisk form. Dei peikar på kommunikasjonsmiddel som inneheld grafiske symbol, eller dei skriv. Kommunikasjonsmidla kan til dømes vere
- papirbaserte løysingar som kommunikasjonsbøker, tematavler eller enkeltsymbol
- tekniske løysingar med talesyntese som gir barnet eller eleven ei stemme
For mange vil det vere nødvendig å veksle mellom ulike kommunikasjonsformer ut frå situasjonen, behova eller staden der de kommuniserer.
Nokre tilstandar som gjer at det kan vere behov for ASK, er:
- cerebral parese eller muskelsjukdommar
- ulike typar syndrom
- utviklingshemming
- multifunksjonshemming
- samansette sansetap
- autismespekterforstyrringar
- språkforstyrringar
- erverva hjerneskade
Nokre gonger veit de allereie før barnehage- og skulestart at eit barn eller ein elev vil ha behov for ASK. Då er det ofte allereie etablert eit samarbeid med PP-tenesta, ergo- og fysioterapeut, av og til òg med spesialisthelsetenesta.
For andre vil behovet for ASK bli tydeleg i løpet av barnehage- eller skulealderen, og for nokre først når dei er vaksne.
Når de som jobbar i barnehage eller skule, mistenkjer at eit barn eller ein elev har behov for ASK, må de i samarbeid med føresette ta kontakt med PP-tenesta. Mistanken kan til dømes vere basert på at barnet ikkje har utvikla dei språk- og kommunikasjonsferdigheitene de forventar når det er omtrent to år.
I nokre tilfelle vil de som jobbar i skulen, få elevar som anten ikkje har fått tilstrekkeleg hjelp frå barnehagen, eller som har fått behov for ASK på grunn av skade eller sjukdom.
Kartlegging og utgreiing
Barnehagen og skulen har ei viktig rolle i kartleggingsprosessen. De kjenner barna og elevane godt, og de har kunnskap om typisk kommunikasjons- og språkutvikling. Ut frå dette kan de vurdere korleis eit barn eller ein elev lærer og utviklar seg. Dette er viktig kunnskap når de skal setje inn tiltak.
PP-tenesta er sentral i kartlegginga og utgreiinga av barnet eller eleven. I nokre tilfelle treng PP-tenesta bistand frå NAV hjelpemiddelsentral. Statped kan òg hjelpe om ikkje PP-tenesta har nødvendig kompetanse på ASK.
Kartleggingsprosessen set søkjelys på både kompetanse og behov
- hos barnet eller eleven som treng ASK
- hos nærpersonar
- hos miljøet rundt barnet eller eleven
Finne ei eigna kommunikasjonsform
Målet med kartlegginga er å identifisere kommunikasjonsferdigheiter, styrkar og avgrensingar hos barnet eller eleven. Deretter kan de velje ei eigna kommunikasjonsform.
Ei eigna kommunikasjonsform
- varetek dei kommunikasjonsferdigheitene barnet eller eleven har no, og dei ferdigheitene hen kjem til å få i framtida
- gir barnet eller eleven utviklingsmoglegheiter
- gir forventa kommunikasjonsmoglegheiter og gjer at barnet eller eleven kjenner seg vel
Dersom behova endrar seg, og etter kvart som barnet eller eleven veks, må prosessen startast på nytt. For barn eller elevar som allereie bruker ASK, vil kartlegging gjere det lettare å vurdere om dagens tiltak er dei rette, eller om det er behov for oppfølging.
Kommunikasjon og opplæring for barn og elevar med behov for ASK er ein prosess som pågår gjennom heile livet. Det er viktig at de utarbeider ein god plan for utvikling, opplæring og bruk av ASK.
Barna eller elevane treng tilrettelegging for å auke meistringa i kvardagen, i læringssituasjonar og i sosiale samanhengar.
Språk og kommunikasjonsferdigheiter blir utvikla i samspel med andre. Det er viktig at de gir eit barn eller ein elev som bruker ASK, moglegheit til samspel og deltaking i barnegruppa eller klassen. For å kunne vere gode kommunikasjonspartnarar må dei andre barna og elevane få opplæring i den kommunikasjonsforma barnet eller eleven bruker. Mange barn og elevar kan ha glede og nytte av den auka merksemda på språk og kommunikasjon som ASK kan føre med seg. Vennskap og kontakt med jamaldra er viktig for trivsel og identitet.
For at barnet eller eleven som bruker ASK, skal kunne kommunisere med dei andre barna eller elevane og skal ha best mogleg føresetnader for å delta, er det viktig å ha eit bevisst forhold til kvar i rommet de plasserer barnet eller eleven.
Å kommunisere via ASK kan ta lengre tid, særleg tidleg i læringsprosessen. De må vere tolmodige, slik at barnet eller eleven får nok tid til å seie det hen vil, på kommunikasjonsforma si. Dette bør de òg øve på saman med dei andre barna og elevane.
Barnehagen og skulen har i oppgåve å
- gi barna og elevane tilgang til dei orda dei treng for å uttrykkje seg og lære
- støtte utvikling av kommunikative og språklege ferdigheiter ved å gi barn og elevar spesifikk språklæring i ASK
- bruke handteikn og grafiske symbol i daglege samspel- og læringssituasjonar
- sørgje for at språkopplæring og fagleg opplæring er godt samansydde og tilpassa, og at naturlege situasjonar blir brukte til opplæring
- la barna og elevane ta del i aktivitetar der dei får utforske, leike og lære om bokstavar, bokstavlydar, ord, lesing og skriving
Barnehage- og skuleleiinga har i oppgåve å sikre at personalet
- har relasjonskompetanse, i tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- samarbeider om å tilpasse språkopplæringa i ASK, arbeidet med fagområde og opplæringa i fag
- har kunnskap og ferdigheiter som gjer at dei kan tilpasse læremiddel, innhald, oppgåver og vurderingssituasjonar på mange måtar etter kva barnet eller eleven har behov for
Individuelt tilrettelagd opplæring
I dei fleste tilfelle trengst spesialpedagogisk hjelp eller individuelt tilrettelagd opplæring for å gi opplæring i bruk av ASK, og for å leggje til rette for læring i aktivitetar og fag.
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte