Kvalitetskriterium i PP-tenesta

For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke til kvalitetsutvikling i PP-tenesta.

Kvart kriterium inneheld rettleiande punkt som forklarer korleis PP-tenesta, kommunar, fylkeskommunar, barnehagar og skolar kan arbeide og samarbeide for å utvikle god kvalitet i tenesta.

Dei fire kriteria er:

  • PP-tenesta er ei fagleg kompetent teneste
  • PP-tenesta er tilgjengeleg og medverkar til heilskap og samanheng
  • PP-tenesta arbeider førebyggjande
  • PP-tenesta bidreg til tidleg innsats

PP-tenesta er ei fagleg kompetent teneste

PP-tenesta hjelper barnehagen og skolen med å leggje til rette tilbodet for barn og unge.

PP-tenesta skal ha kompetanse til

  • å utføre sakkunnig arbeid for barn, unge og vaksne
  • å hjelpe barnehagen og skolen i arbeidet med organisasjons- og kompetanseutvikling

For å utføre desse lovpålagde oppgåvene er det viktig at PP-tenesta har den nødvendige kompetansen. Det er kommunen og fylkeskommunen som har ansvaret for at PP-tenesta har denne nødvendige kompetansen.

PP-tenesta er tilgjengeleg og medverkar til heilskap og samanheng

PP-tenesta skal vere tilgjengeleg for sine målgrupper og medverkar til heilskap og samanheng i tiltak for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Å være tilgjengeleg inneber å bidra med kompetanse, rettleiing, råd og hjelp. PP-tenesta gir òg informasjon til målgruppene, slik at dei veit korleis dei kan få hjelp, og når dei kan vente å få hjelp. Dei får vite kva for moglegheiter dei har til å påverke og gi tilbakemelding om kvaliteten på tilbodet som dei får.

PP-tenesta arbeider førebyggjande

PP-tenesta skal hjelpe barnehagen og skolen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling. 

Førebyggjande arbeid inneber at PP-tenesta bidreg til at barnehagar og skolar kjem i forkant av problem og lærevanskar ved å setje i gang tiltak. Det kan vere universelle tiltak eller spesielle tiltak for barnehagar eller skolar med utfordringar.

PP-tenesta bidreg til tidleg innsats

Tidleg innsats kan vere innsats på eit tidleg tidspunkt i eit barns liv og å gripe inn tidleg når problem oppstår eller blir avdekte før opplæringspliktig alder, eller i løpet av grunnopplæringa.

PP-tenesta, saman med kommunen, fylkeskommunen, barnehagen og skolen, bidreg til å setje inn tiltak ved å utarbeide sakkunnig vurdering innan rimeleg tid.

Ståstedsanalysen for PP-tenesta