Afasi og andre erverva kommunikasjonsvanskar
Afasi og andre erverva kommunikasjonsvanskar rammar brått, og vanskane kan føre til store endringar i livet.
De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar erverva kommunikasjonsvanskar, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.
Afasi
Grovt sett skil ein mellom eit flytande og eit ikkje-flytande talepreg ved afasi. Personar som har eit ikkje-flytande talepreg, har vanskar med å uttrykkje ord og setningar. Dei prøver ofte å korrigere seg sjølve, og ein kan gjerne sjå at dei anstrengjer seg når dei snakkar. Personar med flytande talepreg uttrykkjer seg lett munnleg, og ofte i det same toneleiet og tempoet som før. Orda dei bruker, kan likevel mangle innhald eller bety noko anna enn det dei meinte å seie.
Afasi hos barn og unge
Afasi hos barn og unge skil seg frå afasi hos vaksne, sidan barn og unge ikkje har eit like utvikla språk før afasien oppstår. Vanskane kan påverke læringsevna deira. Barn som får ein erverva hjerneskade i barnehagealder, kan til dømes få vanskar med lesing og skriving, komplekse omgrep eller språklege strukturar seinare i livet.
Andre erverva kommunikasjonsvanskar
Også andre kommunikasjonsvanskar kan oppstå etter ein erverva hjerneskade.
Erverva taleapraksi
Erverva taleapraksi er ein talevanske som ofte finst saman med afasi. Barn og elevar med taleapraksi har vanskar med å viljestyre dei språklydane som skal til for å snakke. Dei kan ha vanskar med å halde flyten når dei snakkar, og kan nokre gonger forveksle språklydar. Somme har milde vanskar som så vidt er merkbare, mens andre har så alvorlege vanskar at dei ikkje klarer å produsere språklydar.
Dysartri
Dysartri er talevanskar på grunn av nedsett kontroll eller svakheit i talemuskulaturen. Ved dysartri er talen utydeleg. Det finst ulike former for dysartri avhengig av kva slags skade ein har fått.
Kognitive kommunikasjonsvanskar
Kognitive kommunikasjonsvanskar er kommunikasjonsvanskar som kjem av underliggjande vanskar med den kognitive fungeringa, som er evna til å oppfatte, vurdere, omarbeide, lagre og handle målretta ut frå informasjon frå omgivnadene. Personar med kognitive kommunikasjonsvanskar kan ha vanskar med å forstå det som blir sagt, og med å snakke, lese og skrive.
Nevrologiske stemmevanskar
Nevrologiske stemmevanskar kan oppstå når nervetilførselen til muskulaturen i strupen blir forstyrra eller øydelagd. Dette kan gå ut over stemmekvaliteten og -funksjonen og føre til vanskar med å kommunisere.
Saman med foreldre og PP-tenesta er de sentrale i den spesialpedagogiske utgreiinga av barn og elevar med afasi. Erfaringane og observasjonane de har gjort over tid, gir viktig informasjon i utgreiingsarbeidet.
Etter ein erverva hjerneskade blir dei aller fleste utgreidde av spesialisthelsetenesta før dei blir skrivne ut frå sjukehuset. Etterpå er det PP-tenesta sitt ansvar å greie ut vidare og å bidra med rådgiving til foreldre, skule, barnehage og fagpersonar elles.
Under utgreiinga kartlegg ein dei språklege og kommunikative ferdigheitene til barnet eller eleven for å finne ut kva moglegheit barnet eller eleven har til å forstå det andre seier, og til å snakke, lese og skrive. Utgreiinga skal òg avdekkje den best eigna måten å kommunisere på for barnet eller eleven.
Det er òg viktig å undersøkje andre faktorar, slik som miljøet barnet eller eleven er ein del av, psykososiale forhold og kognitiv funksjon. Det er ofte nødvendig å samarbeide med andre fagpersonar, som nevropsykolog, lege, fysioterapeut og ergoterapeut.
Kommunar og PP-tenesta kan søkje om hjelp frå Statped til å kartleggje barn og elevar med afasi.
Når eit barn eller ein elev skal tilbake til barnehagen eller skulen etter ein erverva hjerneskade, bør de setje inn tiltak for tilrettelegging med ein gong. De må basere tilrettelegginga på dei behova barnet eller eleven har.
Statped kan hjelpe kommunar og PP-tenesta med korleis dei kan leggje til rette opplæringa for barn og elevar med afasi.
Individuell tilrettelegging
Elevar har rett til individuell tilrettelegging viss dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har behov for det.
Barn og elevar med afasi kan òg ha nytte av alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK).
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte