Kombinerte syns- og høyrselstap og døvblindskap
Barn og elevar med kombinerte syns- og høyrselstap og døvblindskap har både nedsett høyrsel og nedsett syn. Mange av dei opplever utfordringar i barnehagen eller på skulen.
De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar kombinerte syns- og høyrselstap og døvblindskap, og korleis de kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.
Barn og elevar med kombinerte syns- og høyrselstap har både nedsett høyrsel og nedsett syn. Nokre barn får ein diagnose som inneber nedsett syn og høyrsel tidleg etter fødselen, mens andre får påvist nedsett syn og høyrsel i løpet av dei første leveåra. Hos somme utviklar sansetapa seg over tid og viser seg først i ungdomsalderen eller vaksenlivet.
Barn og elevar som anten har nedsett syn eller nedsett høyrsel, bruker ofte den andre sansen for å kompensere. Når nokon har både nedsett syn og nedsett høyrsel, er moglegheita for å kompensere på denne måten avgrensa.
Barn og elevar med kombinerte sansetap eller døvblindskap har ofte utfordringar med
- å kommunisere
- å få tilgang til skriftleg og munnleg informasjon og lærestoff
- å orientere seg
- å ta seg fram
- at dei blir ekstra slitne
Mange har stor nytte av syns- og høyrselshjelpemiddel og god pedagogisk og fysisk tilrettelegging. Dette gjer at dei kan utnytte den grada av høyrsel og syn dei har att, og kan kommunisere med norsk talespråk eller norsk teiknspråk.
Kombinerte syns- og høyrselstap og døvblindskap er funksjonsnemningar og ikkje diagnosar i seg sjølve.
Døvblindskap
Når eit barn eller ein elev har eit så alvorleg kombinert sansetap at den eine sansen ikkje kan kompensere for tapet av den andre, kallar vi det døvblindskap (døvblindhet).
Barn og elevar med døvblindskap må i stor grad bruke berøringssansen for å kommunisere, utforske, orientere seg og ta seg fram og for å forstå verda rundt seg.
Mange barn og elevar med medfødd døvblindskap utviklar individuelle kommunikasjonsformer som kan vere vanskelege å oppdage, forstå og kjenne att utan spesiell kompetanse..
Les mer om døvblindskap hos Nasjonal Kompetanseteeneste for døvblinde
Nokre barn er fødde med syndrom som inneber at dei har nedsett syn og høyrsel frå fødselen av. Andre barn blir fødde med ein diagnose som inneber medfødd høyrselstap, og synstap som blir utvikla på sikt.
Sjølv om alle nyfødde får screena høyrselen sin, kan det vere at små og moderate høyrselstap ikkje blir oppdaga. Sjølv små høyrselstap kan ha store konsekvensar for nokon med nedsett syn. På same måte vil eit synstap ha mange konsekvensar for eit barn eller ein elev som har eit høyrselstap. Når tilsynelatande små sansetap opptrer samtidig, kan dette komme til uttrykk på mange måtar og gi mange utfordringar.
Oppdage kombinerte sansetap
Ver oppmerksam når eit barn eller ein elev
- synest det er mørkt der andre ser bra, og er rask til å slå på lyset inne eller leie dykk i handa når det byrjar å skumre
- bruker berøringssansen mykje i utforsking og sosial kontakt
- stoppar litt opp når de skal ut, fordi barnet blir blenda av sollyset
- støyter borti ting, veltar glas eller andre gjenstandar, snublar i ting på golvet og er utrygg på ukjende stader
- unngår sosiale leikar som krev synsmerksemd
- er uoppmerksam i samlingsstunda
- unngår blikkontakt
- held objekt nær auga
- ikkje følgjer objekt og personar med auga og ikkje snur seg etter lydar
- liker å sjå på objekt som lyser
- har forseinka språkutvikling eller kommuniserer på ein måte som er vanskeleg å lese
- trekkjer seg tilbake og leikar åleine
- er uroleg og verkar ukonsentrert
- treng hyppige pausar i løpet av dagen
- bruker hendene for å leite etter ting
Kartlegging og utgreiing
Øyre-nase-hals-avdelingar og augeavdelingar i spesialisthelsetenesta greier ut syns- og høyrselstap. Når det er mistanke om både nedsett syn og høyrsel, bør dette utgreiast av medisinske spesialistar på området og av syns- og audiopedagogar som har kompetanse på kombinerte sansetap og døvblindskap.
Barnehagen og skulen er viktige i ein utgreiingsprosess. De observerer over tid og kan bidra med nyttige vurderingar om korleis barnet eller eleven bruker sansane i ulike samanhengar. De har òg høve til å prøve ut, evaluere og justere ulike typar pedagogisk tilrettelegging.
Ei god kartlegging av syns- og høyrselsfunksjonen til barnet eller eleven er viktig for at de skal kunne leggje til rette for læring og trivsel i barnehage og skule. I tillegg vil ei kartlegging fortelje noko om korleis de kan forstå uttrykket og åtferda til barnet eller eleven, og korleis de kan leggje til rette for utvikling av samspel, kommunikasjon og språk.
God tilrettelegging for barn og elevar med kombinerte sansetap eller døvblindskap handlar først og fremst om å gjere kvardagen trygg og oversiktleg. Syns- og høyrselsfunksjonen til barnet eller eleven vil påverke
- kommunikasjonen med barn og vaksne i barnehagen og skulen
- moglegheita til å kunne orientere seg og ta seg fram trygt og fritt i barnehage- og skulemiljøet
- tilgangen til opplæring og læremiddel, undervisningssituasjonar og klassemiljø. Mange opplever at tempoet er så høgt at dei ikkje får med seg kven som snakkar i ei gruppe, og kva dei snakkar om. Mange treng tolk/følgjeperson.
Det er viktig at de rettar innsatsen inn mot desse områda.
Tilrettelegginga kan handle om korleis de vaksne skal ta omsyn til barnet eller eleven, om god planlegging før barnehage- og skulestart og om nødvendig fysisk tilrettelegging av omgivnadene.
I praksis kan tilrettelegging innebere
- god planlegging av barnehage- og skulestart
- tilpassing av læreplanar
- planlegging av overgangar
- tilrettelagt lydmiljø
- fysisk tilrettelegging og hjelpemiddel
- fargemarkeringar i miljøet ute og inne
- gode lys- og blendingsforhold
- rett plassering av barnet i klasserom eller grupper
- reduksjon av visuell støy
- visuell orden og oversikt
- punktskriftopplæring og mobilitetsopplæring
Det er utfordrande å leve med sansetap. Barn og elevar som ikkje får god pedagogisk og fysisk tilrettelegging, kan bli urolege eller passive eller få problem med konsentrasjonen.
Individuell tilrettelegging
Elevar har rett til individuell tilrettelegging viss dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har behov for det.
Signo skole- og kompetansesenter gir teiknspråktilbod til mellom anna døvblinde på vegner av det offentlege.
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte