Leppe-kjeve-ganespalte
Barn og elevar med leppe-kjeve-ganespalte kan ha utfordringar med talespråkutviklinga. Derfor treng dei ekstra språkstimulering i barnehagen og på skulen.
De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar leppe-kjeve-ganespalte, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.
Leppe-kjeve-ganespalte er ei medfødd kløft i overleppa, ganen eller begge delar. Tidleg i svangerskapet har alle foster ei spalte gjennom leppa, kjeven og ganen. Etter kvart skal dei ulike ansiktselementa smelte saman. Dersom denne prosessen blir forstyrra eller stoppar opp, blir barnet fødd med ei leppe-kjeve-ganespalte.
Spalta kan vere enkeltsidig eller dobbeltsidig, og ho kan vere synleg eller skjult. Ei leppe-kjeve-ganespalte kan påverke talespråkutviklinga.
Omtrent to av 1000 barn som blir fødde, har ei leppe-kjeve-ganespalte. I Noreg betyr det mellom 100 og 120 barn kvart år.
Les meir om leppe-kjeve-ganespalte hos Helsenorge.
Helsepersonell oppdagar som regel ei medfødd spalte før eller etter fødselen. Seinare kan foreldre eller helsepersonell oppdage ei spalte på grunn av lekkasje mellom munn og nase under mating. Når barnet blir litt eldre, kan spalta òg oppdagast på grunn av ein luftlekkasje mellom gane og nase. Slik lekkasje gir ofte ein særeigen nasal klang når barnet lagar språklydar.
Eit barn eller ein elev som har nasal tale, har nasal luftlekkasje når hen snakkar, eller bruker lengre tid enn andre på å lære å uttale språklydane rett, kan ha ei uoppdaga skjult ganespalte. Det kan vere utfordrande å skilje desse vanskane frå andre språklydvanskar.
To nasjonale behandlingsteam (LKG-teama) har ansvaret for å følgje opp barn med leppe-kjeve-ganespalte. Dersom eit barn ikkje har fått diagnosen som nyfødd, er det LKG-teamet som greier ut. Dei avgjer òg om barnet har behov for talekorrigerande kirurgi og/eller logopedisk trening.
LKG-teamet rettleier PPT, logopedar og dykk som jobbar i barnehagen eller skulen, dersom de har behov for logopedisk oppfølging.
Leppe-kjeve-ganespalte kan påverke talespråket og dei munnlege ferdigheitene til barnet eller eleven. Derfor er det viktig at de jobbar med språkstimulering og språktrening allereie frå barna er små.
Barnehagealder
I barnehagen bidreg de til god språkstimulering ved å
- snakke med og lytte til barnet
- ta opp att og stadfeste det barnet seier
- syngje og lese
Denne typen språkstimulering er viktig for alle barn, og spesielt viktig for eit barn med leppe-kjeve-ganespalte. Det gir barnet høve til å tileigne seg eit stort ordtilfang så tidleg som mogleg.
Der det er mogleg, bør de bruke ord med fremre konsonantar, som p, b, t, og d. Mange barn som er fødde med leppe-kjeve-ganespalte, byter ut desse språklydane med lydar dei lagar lenger bak i munnen.
Skolealder
Barn med forseinka talespråk bør få nødvendig hjelp allereie frå første skuleår, mellom anna når dei lærer om bokstavar og språklydar. De kan
- bruke god tid på korleis dei ulike språklydane høyrest ut, og kva vi gjer når vi uttaler dei
- bruke visuelle tilleggsmarkørar, til dømes piktografisk-artikulatorisk symbolsystem (PAS) eller handteikn
- leggje til rette for gode lydforhold i klasserommet
- overføre nødvendige spesialpedagogiske tiltak frå barnehagen, til dømes logopedhjelp
Somme barn og elevar med leppe-kjeve-ganespalte blir mobba, til dømes på grunn av uttale eller arr frå operasjonar. LKG-teama har spisskompetanse på å førebyggje negativ psykososial utvikling. At dei følgjer opp barnet, kan bidra til å styrkje sjølvkjensla og evna barnet har til å utvikle meistringsstrategiar i møte med andre.
Individuell tilrettelegging
Elevar har rett til individuell tilrettelegging viss dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har behov for det.
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte