Språkforstyrringar
Barn og elevar med språkforstyrringar har vanskar med å forstå og produsere språk. Dei har utfordringar med å oppfatte kva andre seier, og å uttrykkje tankar og kjensler. Språkforstyrringane gir utfordringar i sosial samhandling og i læringssituasjonar.
Det er viktig at de som jobbar i barnehagar og skular, veit kva som kjenneteiknar språkforstyrringar, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.
Språkforstyrringar inneber betydelege og varige vanskar med språk frå 4–5 års alder og oppover. For barnet eller eleven det gjeld, skaper vanskane utfordringar i kommunikasjonen i barnehagen, på skulen og i det sosiale livet.
6–10 prosent av alle barn og elevar har språkforstyrringar i ulik grad.
Det er vanleg at barn og elevar med språkforstyrringar òg har andre vanskar, som
- lese- og skrivevanskar / dysleksi
- sosiale og emosjonelle vanskar
- merksemdsvanskar
- motoriske vanskar
- taleforstyrringar
Utviklingsmessige språkforstyrringar
Når barn og elevar strevar med språket utan at ein veit årsaka til det, blir det kalla utviklingsmessige språkforstyrringar. Tidlegare blei dette kalla spesifikke språkvanskar. Utviklingsmessige språkforstyrringar er medfødde eller oppstår tidleg.
Språkforstyrringar med klare årsaker
Nokre gonger har vanskane klare årsaker og heng saman med ulike genetiske tilstandar eller diagnosar. Språkforstyrringane er då ein del av tilstanden, til dømes ved autismespekterforstyrringar, epilepsi, syns- og høyrselshemming, Downs syndrom eller psykisk utviklingshemming.
Sjølv om språkforstyrringane er del av ein tilstand, krevst det ofte spesifikke tiltak for å kompensere for dei språkutfordringane barnet eller eleven opplever.
Å vere fleirspråkleg
Å vere fleirspråkleg skaper ikkje språkforstyrringar. Fleirspråklege barn og elevar med språkforstyrringar vil gjere fleire feil enn fleirspråklege utan språkforstyrringar, og dei vil bruke lengre tid på å lære språk. Dei vil ha vanskar på alle språka sine, men feila dei gjer, vil ofte vere ulike frå språk til språk.
NAFO har nyttige ressursar for dykk som jobbar med fleirspråklege barn og elevar
Skal ein kunne støtte barn og elevar med språkforstyrringar på ein god måte, er det viktig å fange opp behovet og setje inn tiltak så tidleg som mogleg.
Symptom
Barn og elevar med språkforstyrringar har vanskar med fleire språklege område og kan i tillegg oppleve vanskar med sosiale og emosjonelle forhold.
Språklege område
Dei språklege områda omfattar
- språkleg innhald (semantikk)
- språkleg form (grammatikk eller fonologi)
- sosial bruk av språk (pragmatikk)
- verbal læring og minne
Korleis vanskane kjem til uttrykk hos den enkelte, avheng av alder og individuelle føresetnader. Språkforstyrringar blir vanlegvis synlege i barndommen og held fram inn i vaksen alder. Måten vanskane kjem til uttrykk på, endrar seg, men kjernen er den same.
Språkleg innhald (semantikk)
Barnet eller eleven kan ha utfordringar med å forstå innhaldet i munnleg og skriftleg språk. Dei kan ofte leite etter ord. Vanskane inneber gjerne eit lite nyansert eller avgrensa ordtilfang.
Språkleg form (grammatikk eller fonologi)
Barnet eller eleven kan ha utfordringar med å lære grammatikk og vanskar med setningsoppbygging, ordbøying og orddanning. Grammatiske ferdigheiter påverkar også lese- og skriveinnlæringa, både når det gjeld ordavkoding, leseforståing og staving.
Fonologiske vanskar er vanskar med å oppfatte, organisere og bruke språklydar. Hos somme fører desse vanskane til uttalefeil som gjer at det er vanskeleg å forstå kva dei seier. Lese- og skrivevanskar / dysleksi kan òg vere ein konsekvens av fonologiske vanskar.
Sosial bruk av språk (pragmatikk)
Barnet eller eleven kan ha vanskar med å forstå kroppsspråk, mimikk og gestar. Dei kan òg ha låge samtaleferdigheiter eller vanskar med å konstruere og fortelje historier.
Verbal læring og hukommelse
Barnet eller eleven kan òg ha vanskar med å hugse språkleg informasjon. Dette gjer at dei ofte treng meir tid for å lære assosiasjonar mellom ord og meining eller for å lære lydar og ord i rett rekkjefølgje.
Det kan òg vere aktuelt å greie ut om eleven har andre vanskar i tillegg eller andre diagnosar som språkforstyrringane er ein del av.
Dersom barnet eller eleven er fleirspråkleg, er det sentralt å vite noko om utvikling og erfaringar på alle språk.
Sosiale og emosjonelle forhold
Mange barn og unge med språkforstyrringar strevar med å få gode venner og trekkjer seg tilbake frå sosiale samspel med jamaldra. Dei har derfor ein auka risiko for å oppleve einsemd, stress og sosiale problem. Slike problem kan ein sjå hos barn i barnehagealder, men dei blir gjerne lettare å oppdage etter kvart som barna blir eldre og det sosiale samspelet blir meir komplekst.
Barn og unge med språkforstyrringar kan ha utfordringar med
- å kunne ta språklege initiativ / kontakt
- å bruke eit språk som passar i situasjonen
- å samarbeide
- å følgje reglar i leik og gruppearbeid
Kartleggje og greie ut
Utgreiingsprosessen føreset eit godt samarbeid mellom fleire aktørar. Særleg foreldra, barnehagen/skulen og den pedagogisk-psykologisk tenesta (PPT) er sentrale.
Foreldre som er bekymra for barnet sitt, kan kontakte barnehagen, skulen og PPT. Det er foreldra som kjenner barnet best, og deira tankar og bekymringar om språkutviklinga til barnet er noko ein bør ta på alvor og lytte til. Erfaringane og observasjonane foreldra har gjort over tid, er viktig informasjon ved utgreiing.
Barnehage og skule har gjennom observasjon og kartlegging eit godt grunnlag for å samanlikne barnet eller eleven med jamaldra. Ved mistanke om språkforstyrringar kan de systematisk observere språklege område, til dømes om barnet eller eleven har eit avgrensa ordtilfang eller problem med å formulere setningar eller fortelje historier. De kan tilvise barnet eller eleven til PPT for vidare utgreiing av språkforstyrringar.
PPT bidreg med kompetanse og rådgiving til barnehagar, skular og foreldre. I tillegg bidreg dei med vidare utgreiing av språkforstyrringane til barnet eller eleven, til dømes ved observasjonar, screening og testing. PPT er sakkunnig instans for vurdering av om barnet eller eleven har rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.
Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) eller habiliteringstenesta (HABU) greier ut og diagnostiserer ved mistanke om språkforstyrringar. Fastlegen tilviser til spesialisthelsetenesta.
Barn og elevar med språkforstyrringar har behov for tilrettelegging for å meistre meir i kvardagen, i læringssituasjonar og i sosiale samanhengar. Barnehagen og skulen har ansvaret for å planleggje og setje i verk tiltak, men får ofte god støtte frå PPT.
Tilrettelegging for barn og elevar med språkforstyrringar handlar om å skape gode relasjonar, struktur, tryggleik og føreseielege rammer gjennom heile dagen. I tillegg er det veldig viktig med tiltak som gjer språket meir tilgjengeleg, til dømes ved at ein
- gir korte beskjedar/instruksjonar
- tilpassar mengda ved språkleg aktivitet og læring
- regulerer taletempoet
- repeterer og omformulerer informasjon
- bruker bilete, grafikk og visuelle ikon
- gir barnet eller eleven god tid til å prosessere språkleg informasjon og svare
- bruker digitale lære- og hjelpemiddel som til dømes talesyntese, diktering, digitale bøker og tankekart
Ved språkforstyrringar er det òg aktuelt med spesifikke tiltak retta mot eitt eller fleire språklege område.
Individuell tilrettelegging
Elevar har rett til individuell tilrettelegging viss dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har behov for det.
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever som trenger ekstra støtte